Jobbar for aa teste og klargjere nytt cruiseskip paa Ulstein
SNART FERDIGE: Fredrik Dimmen, Erik Molvær og Ida Helen Sande jobbar til vanlig hardt for å bli ferdige med cruiseskipet til Lindblad, men har tid til å stille opp for fotografen. 
Nytt

Jobbar for å teste og klargjere nytt cruiseskip på Ulstein

Skjerpa reglar og meir omfattende og avanserte brann- og alarmsystem, er mellom nye erfaringar Ulstein gjer på nybygg. 

Marius Rosbach
16.02.2020
I dokkhallen ved Ulstein verft skin det kjende Nathional Geographic-namnet på sida av skipet som snart skal leverast til Lindblad Expeditions.
Om bord på dei åtte dekka er det hektisk aktivitet for å bli ferdige «i løpet av nokre veker», som verftsdirektør Lars Lûhr Olsen seier då han tek i mot NETT NO, saman med organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim.

Sjølv om dette er det , som er bygd ved Ulstein verft, er mykje kjent frå bygging av offshorebåtar og anna tonnasje.
– Ein ting som er ein skilnad på skip som dette, er brann- alarm- og sløkkesystem. Det er langt meir omfattande om bord på eit slikt passasjerskip, enn til dømes ein ankerhandterer eller vindfartøy, seier Olsen.

– Jobbar mot ei deadline heile tida

Regelverket for å handtere opptil 126 passasjerar og eit mannskap på 112 personar er strengare og meir detaljert, enn på eit vindskip med færre i mannskapet.

Då NETT NO er på besøk, er to unge elektromontørar i fullt arbeid på brua. Fredrik Dimmen og Erik Molvær kjem begge frå Ulsteinvik og er tilsett i Ulstein Elektro Installasjon.
– Det er mykje som skal gjerast på kort tid, og vi jobbar mot ei deadline heile tida, fortel dei.
Sjølv om det kan vere krevjande, synest dei arbeidet er morosamt. Dei har også erfaring med same type installasjon om bord på Color Hybrid, skipet som blei levert i fjor.

850 brannmeldarar om bord

Verftsdirektør Olsen er litt mindre beskjeden: – Systema dei jobbar med er svært avanserte og komplekse greier, og desse unge med sin kompetanse er heilt uvurderlege for oss, seier Olsen.
– Her er det 850 brannmeldarar og tusenvis av dyser som inngår i eit omfattande «watermist»-system. Slik har det ikkje vore på dei fleste skipa vi har bygd tidlegare, sjølv om det var på Color Hybrid, legg han til.
Også Ida Helen Sande jobbar på brua denne dagen. Ørstingen er testansvarleg for alarmane som skal gå over høgtalaranlegget.
– Kjekke folk rundt meg og godt arbeidsmiljø, svarar ho på spørsmål om kva ho likar med jobben.

Les også:



Store passasjerareal

Det meste av arbeidet om bord er ferdig – men det får ein knappast inntrykk av når ein som utanforståande kjem inn. Veggar og golv dekka av plast og anna. Nokre stader er det allereie grovvaska og inspisert, men alt ferdig arbeid må beskyttast til alt er ferdig.

På veg opp til brua på dekk 7 fortel Olsen korleis skipet er inndelt med lugarar for passasjerar på 4. og 5. dekk – med større suiter på 7. dekk. Det er restaurant på 5. dekk og på 6. dekk er det lounge.
– Storleiken på arealet som skal innreiast er også annleis. Det er eit stort arbeid. Det er både mykje engineering og logistikk for å skaffe material - og så skal det gjennomførast, seier verftsdirektøren.

Imponert over kraft og stilnad

Lindblads prosjektleiar på verftet, Reed Ameel, har vore med under skrogbygginga på Christ-verftet i Polen og no under utrustinga i Ulsteinvik, til saman kring eitt år.
Ameel fortel at det som imponerer han mest med skipet er kombinasjonen av kraft og stilnad.
– Vi var på dei første sjøprøvene førre veke, og det viktigaste erfaringa var å oppleve kor stille og mjukt det går i vatnet. Vibrasjonar og lydnivå var viktig for oss. Samtidig ville vi ha eit kraftig fartøy, og vi meiner Azipod (type propell frå ABB, journ. anm.) bidreg ekstra til at skipet kan manøvrere slik, seier han.

Cruise i Norge, Arktis og USA

Førebels har dei ikkje prøvd skipet i verkeleg røft ver, men tilbakemeldingar frå kapteinar som har testa X Bow-løysinga tidlegare, seier den motverkar slag og vibrasjonar i skipet. Kapteinane på prøveturen blei spurt grundig ut om eigenskapane ved skipsdesignen frå sine amerikanske kollegaer, og skal ha gitt gode skotsmål.

– Dei fleste av gjestane våre er eldre pensjonerte amerikanarar, og mange reiser på fleire turar, fortel Ameel.
Skipet skal først segle nord til Arktis, før dei første cruisa vil gå langs norskekysten. Seinare etter sommaren vil dei segle via Nordaustpassasjen til Alaska.

Les også:





Publisert: 16.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53