I løpet av 2015 og 2016 har det mekaniske industri-konsernet Stryvo Group utvida med oppkjøp i Oslo, avdeling i Florø, avdeling i Bergen og enda eit oppkjøp i Oslo, og etablering i Vanylven.
I år ventar dagleg leiar og eigar Jostein Bøe å passere 100 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på rundt ti prosent av driftsinntektene. Det er ein stor auke frå i fjor (sjå tabell).
- Det ser greit ut, seier Bø om utviklinga så langt i år.
Selskapet på Bismo blei skipa etter at Stryvo tok over buet etter Bismo Industrier i 2013.
Her er målet å produserer og montere bøyer og anna utstyr for det svenske selskapet Wave4Powers sine bølgekraftverk.
- Vi har vist at vi klarer å få ut verdiane frå konkursbu, seier Bøe.
I fjor etablerte han også maskineringsavdeling i Florø.
Der er det tøffare tider i oljebransjen, og det slo hardast ut i hovudbedrifta i Stryn. Driftsinntektene i Stryn fall frå 50 til 32 millionar kroner og ti tilsette miste jobben våren 2015.
No har selskapet auka bemanninga igjen, og det er først og fremst auka aktivitet i Styn som skal syte for at at driftsinntektene passerer 100 millionar kroner i år.
På minussida i fjor var også ein flaum som råka dotterselskapet Brødr Skaug Mekaniske Verksted i Oslo. Flaumen gjorde at selskapet var ute av drift i rundt tre månader i fjor.
I fjor sysselsette konsernet 61 årsverk.
I år ventar dagleg leiar og eigar Jostein Bøe å passere 100 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på rundt ti prosent av driftsinntektene. Det er ein stor auke frå i fjor (sjå tabell).
- Det ser greit ut, seier Bø om utviklinga så langt i år.
Konkursbo i Skjåk
Før den siste ekspansjonen starta i fjor besto Stryvo Group av hovudselskapet i Stryn og dotterselskapet på Bismo i Skjåk.Selskapet på Bismo blei skipa etter at Stryvo tok over buet etter Bismo Industrier i 2013.
Til Vanylven
Den førebels siste utvidinga til Stryvokonsernet er leigeavtalen for industribygget som tidlegare husa Ulstein Verft sin skrogproduksjon på Fiskå i Vanylven.Her er målet å produserer og montere bøyer og anna utstyr for det svenske selskapet Wave4Powers sine bølgekraftverk.
Konkursbo i Oslo
I januar i år tok Stryvo Group sitt dotterselskap i Oslo, Brødr Skaug Mekaniske Verksted - som blei kjøpt i 2014 - buet etter Brødrene Sundt Maskinering.- Vi har vist at vi klarer å få ut verdiane frå konkursbu, seier Bøe.
I fjor etablerte han også maskineringsavdeling i Florø.
Nedgang
Stryvo-bedriftene har i stor grad hatt bedrifter knytt til oljeutvinning som kunde.Der er det tøffare tider i oljebransjen, og det slo hardast ut i hovudbedrifta i Stryn. Driftsinntektene i Stryn fall frå 50 til 32 millionar kroner og ti tilsette miste jobben våren 2015.
No har selskapet auka bemanninga igjen, og det er først og fremst auka aktivitet i Styn som skal syte for at at driftsinntektene passerer 100 millionar kroner i år.
På minussida i fjor var også ein flaum som råka dotterselskapet Brødr Skaug Mekaniske Verksted i Oslo. Flaumen gjorde at selskapet var ute av drift i rundt tre månader i fjor.
I fjor sysselsette konsernet 61 årsverk.
Meir eigne produkt
Stryvo Group har i stor grad vore ein underleverandør som har produsert det andre har utvikla. Dei siste åra har selskapet auka satsinga på eiga produktutvikling, og etablering av sals- og engineeringavdelinga i Bergen, med tre tilsette, er ei døme på det. Dei skal selje og utvikle ulike typar sjøvassfilter. Stryvo i Bismo har produsert slike i fleire år, men no aukar konsernet innsatsen på filtermarknaden.Vi har vist at vi klarer å få ut verdiane frå konkursbu
Publisert: 02.07.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58