Jostein Sætrenes ny Sydvestorsjef
Tek over etter Frede Uldbæk.
Sætrenæs (57) har har hatt ansvaret for prosjektfinansiering og bedrifts- og transaksjonrådgiving (corporate finance) sidan han vart tilsett i verdipapirforetaket Sydvestor i Ulsteinvik i 2009.
No tek han over som toppsjef, etter Frede Uldbæk (67), som grunnla Sydvestor og har leia selskapet sidan starten i 1998. Det melder selskapet i ei pressemelding.
Uldbæk skal halde fram i selskapet i ei rådgivarrolle innan verdipapirområdet og einskilde prosjekt, ifølgje pressemeldinga.
Generasjonsskifte
Sydvestor er inne i eit generasjonskifte, skriv selskapet på sine heimesider.
Det betyr mellom anna at selskapet annonserer etter folk som kan arbeid med corporate finance og prosjektfinansiering.
I 2021 kom Tom Elvøy inn som partnar. Han arbeider i selskapet, med kontor i Bergen, og planen var å etablere eit kontor også i Oslo sa Frede Uldbæk til NETT NO i fjor.
Eit Oslo-kontor eit framleis eit alternativ, men på kort sikt er det meir sannsynleg av Sydvestor aukar bemanninga i Ulsteinvik, ifølgje Sætrenes.
Les også
Investeringar, kjøp og sal i offshorefartøy-marknaden var den dominerande verksemda til investering- og kapitalrådgivingselskapet Sydvestor fram til oljeprisfallet i 2014 utløyste ei krise for offshore-reiarane.
Prosjekta og selskapa Sydvestor arbeider med i dag er innan brønnbåt-, arbeidsbåt-, fisketransportbåt-, vindmølle-, passasjer- og vedlikehalds- og ekspedisjonscruisebåt-bransjen, sa Uldbæk i fjor.
Driftsinntektene i 2020 er dei lågaste selskapet har hatt sidan 2005. Toppåret var i 2011, med 29,3 millionar kroner i driftsinntekter. Det året vart resultatet før skatt 9,8 millionar kroner. I 2020 blei det tre millionar i minus.
Auka aktivitet
- 2021 vart heller ikkje noko kanonår, men det vart kjekkare enn 2020, seier Jostein Sætrenes om 2021-resultatet til selskapet.
Aktiviteten i marknaden Sydvestor arbeider i har auka.
- Det er meir aktivitet og meir som skjer enn det var for eitt år sidan, seier han.
Les også
Publisert: 14.02.2022 10:51
Sist oppdatert: 14.02.2022 11:48