Judicia forsvarar plassen som det nest største advokatfirmaet i Møre og Romsdal, etter Øverbø Gjørtz. 2025-rekneskapen viser eit solid hopp i omsetninga til 47 millionar kroner, samtidig som lønnsemda vart svekka.
Driftsinntekter på 47 millionar, er ei auke på kring 13 prosent frå året før (sjå tabell under).
– 2025 var nok eit godt år for Judicia, og eit år der vi opplevde auka etterspurnad på alle våre felt – både frå eksisterande og nye klientar. Etterspurnaden var jamn gjennom heile året, opplyser dagleg leiar og medeigar Øystein Vartdal Riise til Nett No.
– Også 2026 har starta bra, og ligg vi framfor fjoråret på omsetning, legg han til.
Auka staben – redusert overskotet
Inntektshoppet er meir enn nok til å halde konkurrentane i Adviso bak seg i kampen om kven som er nest størst i fylket. Tidlegare i veka kom deira 2025-tal.
I løpet av fjoråret auka også staben til Judicia med to nye advokatar. Nummer 13 starta i april og nummer 14 i september i fjor.
Overskotet i 2025 blei redusert betydeleg samanlikna med året før. Eit resultat før skatt på 8,9 millionar gir likevel ein resultatgrad kring solide 19 prosent.
| Advokatfirmaet Judicia DA | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 47 | 41,6 |
| Driftsresultat | 8,5 | 12,5 |
| Resultat før skatt | 8,9 | 12,6 |
– Reelt sett betre i 2025
Riise fortel at endringa i arbeidsgodtgjersle og resultat kjem av at firmaet er omdanna frå deltakarlikna selskap til aksjeselskap, og eigarane har dermed lønn som andre tilsette.
Partnarane har i 2025 hatt høgare utbetalt lønn, enn det som tidlegare blei betalt som arbeidsgodtgjersle. I tillegg får selskapet ein ekstra skattekostnad.
– Talet på botnlinja i rekneskapen for 2025 er lågare enn tidlegare år, men vurdert at me no er omdanna frå DA til AS, er resultatet reelt sett betre i 2025 enn for tidlegare år, forklarar Riise.
Utbyte på 7 millionar
Advokatfirmaet har seks eigarar som eig ein sjettepart kvar; dagleg leiar Øystein Vartdal Riise, Reidar Andresen, Håkon Rasmussen, Trons Svinø, Thomas Albertsen og Anders Svinø.
Etter 2025 er det sett av eit utbytte på drygt 7 millionar kroner, viser årsmeldinga.
Publisert: 24.04.2026 09:10
Sist oppdatert: 24.04.2026 11:20






