Ferje hareid fjord1 innfelt per sævik 11
VURDERER SAL: Havila-eigar og dagleg leiar Per Sævik (innfelt) håpar på ein konklusjon på Fjord1-sal i løpet av året. Reiarlaget blei teke av børs i 2021 med ein marknadsverdi på 5,2 milliardar. Tidlegare i år blei det spekulert i ein salspris på 8-10 milliardar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Betydeleg interesse for Fjord1

Havila-eigar Per Sævik trur på god gevinst om det blir sal av ferjereiarlaget.

Marius Rosbach
28.08.2023

Tidlegare i år blei det kjent at Havila og deira amerikanske partnar Vision Ridge Partners hadde sett i gong ein prosess for å marknadsføre Fjord1 til moglege kjøparar.

Ingenting er så langt avklart og Havila-eigar Per Sævik fortel til NETT NO at prosessen framleis er pågåande.

– Vi håpar at det blir ein konklusjon i løpet av fjerde kvartal, seier han om framtida for det som er landets største ferjereiarlag.

Selskapet har om lag 80 ferjer, pluss nokre passasjerbåtar og innleigde snøggbåtar.

Les bakgrunn om Fjord1:

Ventar «tilfredsstillande» pris
Prosessen har gått føre seg sidan i vinter og selskapet Rothchild & co vart hyra inn etter at det kom eit ønske frå Vision Ridge om å få ei prisvurdering.

– Det har vore betydeleg interesse for selskapet i marknaden og vi venter å få ein pris som er tilfredsstillande - om det blir eit sal, seier Sævik.

Fjord1 er eigd 99,9 prosent av Fjord Holdco, som igjen er eigd av Fjord1 Topco, der Sævik-familiens selskap Havilafjord eig 50 prosent av aksjane.

Per Sævik anløp Havila Pollux Foto Marius Rosbach 111
KYSTRUTEN: Familieselskapet til Per Sævik (.t.v) har tapt store summar på ulike problem med å få dei fire Havila Kystruten-skipa i drift. Førre veke la det siste skipet, Havila Pollux, ut på jomfruseglasen frå Bergen og anløp Mjølstadneset undervegs. Foto: Marius Rosbach

– Vi finn sikkert noko å bruke dei pengane på
Sævik vil ikkje gå spekulere i salssum, men det kan ligge an til ein solid forteneste for familieselskapet i Herøy. I mai anslo Finansavisen ein pris på Fjord1 rundt åtte til ti milliardar kroner.

– Kva skal dokke eventuelt bruke pengane til?

– Det kan kanskje vere greitt å ha nokre kroner på konto etter det vi har vore gjennom, svarer Sævik og viser til utfordringane med å få alle fire Havila Kystruten-skipa i drift.

Førre veke fekk reiarlaget omsider det siste av fire skip, Havila Pollux, i drift.

– Det er klart om det går som vi håpar, så blir det ein ikkje ubetydeleg salsgevinst på våre 50 prosent. Og vi finn sikkert noko å bruke dei pengane på, legg han til.

(saka held fram under)

Starta med kjøp frå fylkeskommunen
Sævik-familien sitt inntog i Fjord1 starta med kjøpet av Møre og Romsdal fylkeskommune sine aksjar i 2011.

Seinare fekk de hand om aksjane til dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune, og i 2017 blei selskapet teke på børs.

I august 2021 vart det klart at Havila hadde kontroll over 100 prosent av aksjane i kompaniskap med Vision Ridge – og Fjord1 blei tatt av børs med en marknadsverdi på 5,2 milliardar kroner.

Tidlegare har Havila omtala moglegheitene for ei felles reiselivssatsing med det amerikanske selskapet - og ein mogleg samanslåing med andre selskap i Havila-konsernet.

Publisert: 28.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 27.08.2023 19:52

Mer om