Havila Castor i Bergen foto havila kystruten 22
BERGEN:: Havila Castor la frå kai i Bergen klokka 20.30 tysdag kveld. No seglar skipet sin første tur på rundreisa til Kirkenes og tilbake. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Kasta loss på jomfrutur

Havila Castor segla frå Bergen etter planen. Om få veker gjer skipet historisk seglas inn Geirangerfjorden.

Marius Rosbach
10.05.2022

Havila Kystruten sitt andre skip, Havila Castor, la tysdag kveld frå kai som planlagt frå Bergen. Seglasen er jomfruturen til skipet på den klassiske kystruta mellom Bergen og Kirkenes..

– Ein fantastisk gjeng med tilsette og leverandørar har stått på dag og natt sidan Havila Castor kom til Bergen i førre veke for å få skipet klart til i dag, og dei har bestått med glans, seier Havila Kystruten-sjef Bent Martini i ei pressemelding etter at skipet la frå kai.

Følg AIS-sporinga til skipet (ekstern lenke)

I starten av juni vil skipet skrive seg inn i historiebøkene når det som første passasjerskip går inn fjorden på batteridrift.

– Det vil skje fire år før styresmaktene sine krav om denne typen seglaser i verdsarven vår. Det er vi stolte av å få til allereie no, seier Martini.

Reiarlaget med hovudkontor i Herøy har hatt ei rekke utfordringar i oppstarten av kystruteavtalen. Deira første skip Havila Capella ligg framleis til kai i påvente av ei anna finansieringsløysing.

Publisert: 10.05.2022 21:06

Sist oppdatert: 10.05.2022 21:59

Mer om