Bent martini per sævik havila capella overlevering Teras foto havila kystruten 11
HAVILA CAPELLA: Administrerande direktør Bent Martini og eigar Per Sævik framfor baugen av Havila Capella ved overlevering. Skipet ligg no i opplag på ubestemt tid, men reiarlaget håpar å få fartøyet i trafikk frå juni. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Treng meir tid før dei eig alle skipa

Rapport om rettsoppgjer, milliontap og sanksjonskrøll, men også tidspunktet for når dei trur ny finansiering er på plass.

Marius Rosbach
31.05.2022

Sjølve tala som kom i årsrapporten Havila Kystruten sende ut tysdag kveld, var kjent frå før. Rekneskapen viste tap på 132 millionar kroner før skatt i fjor.

Reiarlaget frå Herøy har møtt ei rekke utfordringar i oppstarten på den tradisjonsrike Bergen-Kirkenes-rundturen. Dei fleste står lista opp i årsrapporten som blei sendt ut med børsmeldinga.

Den mest prekære utfordringa for augneblinken, er at deira første skip Havila Capella ligg i opplag på ubestemt tid. Skipet får ikkje forsikring så lenge eigarselskapet er råka av sanksjonane mot Russland.

Derfor er Havila-skipet råka av sanksjonar

Etter at Russland gjekk til krig i Ukraina, svara vestlege styresmakter med sanksjonar som også råka det statlege russiske finansieringsselskapet GTLK. Det er selskapet som Havila Kystruten har ein finansieringsavtale med for skipa sine.

Konsekvensen er at Havila Kystruten må finne ny finansiering for å kunne segle gods- og persontrafikkruta mellom Bergen og Kirkenes.

Mål om ny finansiering til hausten
Reiarlaget har i fleire veker jobba med å få ei ny finansiering på plass. Administrerande direktør Bent Martini uttalde nyleg til NETT NO at målet var ei ny langvarig finansiering innan to-tre månader.

I rapporten skriver reiarlaget at dei håpar på ei løysing for forsikringsproblema for Havila Capella, som gjer at skipet er tilbake i trafikk frå juni til utpå hausten.

På det tidspunktet – eller seinast ved utløpet av tredje kvartal – legg selskapet no til grunn at dei har på plass ei refinansiering for alle fire skipa, ifølgje årsrapporten.

Fleire rettsoppgjer i vente
I tillegg til dei akutte utfordringane, har reiarlaget fleire rettslege oppgjer i vente.

Årsrapporten omtaler striden med Norwegian Marine Interior, som har saksøkt reiarlaget for kring 15 millionar. Det er venta at saka kjem opp for Møre og Romsdal tingrett i juni eller september.

Kanslleringa av to skip ved den spanske Barreras-verftet er også ei utløyst sak for Havila Kystruten. Kravet kring kontrakten er overført til Havila Holding og oppført som ein gjeldspost på 354,4 millionar kroner inntil saka er avgjort, heiter det.

Reserveskip og høge gasspriser
Ifølgje den oppphavlege avtalen skulle reiarlaget allereie ha fire skip i drift. Grunna koronapandemien er dei planane gått vekk frå, men no har Samferdselsdepartementet bedt reiarlaget finne ut om det finst reserveskip tilgjengeleg.

Om alt går etter planen vidare, får reiarlaget levert skip nummer tre og fire i tredje og fjerde kvartal i år.

Samtidig fører høge gasspriser til auke kostnader i drifta på dei skipa som seglar. Dette har dei kravd delvis kompensert frå Samferdselsdepartementet.

Publisert: 31.05.2022 19:54

Sist oppdatert: 06.07.2022 12:55

Mer om