Bernt Martini Havila Castor foto Ogne
REFINANSIERING: Det er gode sjansar for at Havila Kystruten har ny og langsvarig finansiering er på plass innan to-tre månader, etter administrerande direktør Bernt Martini i Havila Kystruten si vurdering. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Grøn profil lettar refinansiering, meiner reiarsjefen

LNG- og batteridrift gir Havila Kystruten ein fordel i arbeidet med refinansiering. Sjefen trur ny avtale snart er på plass.

12.05.2022

Etter at Russland gjekk til krig i Ukraina, svara vestlege styresmakter med sanksjonar som også råka det statlege russiske finansieringsselskapet GTLK. Det er selskapet som Havila Kystruten har ein finansieringsavtale med for skipa sine.

Konsekvensen er at Havila Kystruten må finne ny finansiering for å kunne segle gods- og persontrafikkruta mellom Bergen og Kirkenes.

Målet er å ha ei ny, langvarig finansiering på plass innen to-tre månadar, ifølgje administrerande direktør Bernt Martini. Sjansen for å få det til, karakteriserer han som høg.

LNG- og batteridrift
- Refinansiering av heile flåten er vi i gang med og det ser positivt ut. Vi opplever at vi er eit selskap som har både eit produkt og fartøy og som er attraktive for finansmarknaden, seier Martini til NETT NO.

Havila Kystruten kombinerer LNG og batteridrift, og kan mellom anna gå i fire timar i strekk berre på batteri. Det betyr mellom anna at skipet kan segle inn i Geirangerfjorden, også etter at den blir stengt for skip som slepper ut CO2 i 2026.

No er den grøne profilen til hjelp, fordi finansieringsselskap vil ha ha verksemder som har det som blir definert som ein grøn profil i porteføljen sin.

- Eg trur det hadde vore mykje vanskelegare, seier Martini om korleis det hadde vore å refinansiere skipa om dei berre hadde gått på diesel.

(saka held fram under)

Havila Castor i Bergen foto havila kystruten 22
JOMFRUSEGLAS: Havila Castor la frå kai i tråd med planen for jomfruseglasen Bergen-Kirkenes. Onsdag besøkte skipet mellom anna Herøy og Ålesund for første gong. Foto: Havila Kystruten

Ved kai i uviss tid
Tysdag kveld denne veka starta Havila Castor på si første rundreise Bergen-Kirkenes.

Dette er det andre skipet Havila Kystruten har fått overlevert frå Tersan Shipyard i Tyrkia. Havila Kystruten har sikra ei mellombels finansiering av skipet, slik GTLK ikkje lenger har noko med skipet å gjere, og skipet kan også gå i rute etter planen.

Sjå video av ankomsten til Havila Castor i Herøy:

(saka held fram under)

Det første skipet, Havila Capella, ligg ved kai i Bergen fordi det framleis er finansiert av GTLK og dermed råka av sanksjonane.


Det er framleis finansiert gjennom GTLK i ein avtale der eit datterselskap av GTLK eig skipet og leasar det attende til Havila Kystruten. Havila Kystruten har rett til å kjøpe skipet ut av avtalen etter to år og plikt til å overta det etter ti.

Havila Capella har fått rett til å segle, men GTLK-avtalen gjer at skipet ikkje kan få forsikring utan at sanksjonsreglane vert brotne. Dermed blir Havila Capella liggande ved kai i Bergen medan Havila Kystruten arbeider for å finne ein mellombels finansiering så snart som råd, inntil den eventuelt kan erstattast av ei ny og langvarig finansiering for alle fire skipa.

Dei to siste skipa skal leverast seinare i år.

Publisert: 12.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.05.2022 15:01

Mer om