Kapra kontrakt med stor seismikkaktoer
SEISMIKK-SYSTEM: Til venstre ser vi barovanen som blir trekt etter eit fartøy ved marine seismiske undersøkingar. Oppe til høgre er ein detalj ved styresystemet med vinsjen som regulerer vinkelen, og gjer at utstyret kan styrast til styrbord eller babord. Nede til venstre ser vi del av kontrollsystemet. 
Nytt

Kapra kontrakt med stor seismikkaktør

– Eit kommersielt gjennombrott, seier Herøy-bedrift om storkontrakt.

Marius Rosbach
20.01.2021
Ulmatec Baro har inngått ei større kontrakt med ein internasjonal seismikkaktør for levering av sokalla barovanar til bruk ved seismikk.
Verdien på kontrakten blir ikkje opplyst i pressemeldinga, men salssjef Odd Bjørn Jensen fortel til NETT NO at det kan dreie seg om ei betydeleg del av årsomsetninga for Herøy-bedrifta.
Ein barovan kan samanliknast med ei tråldør, som trekk utstyret ut til sidene, slik at det kan operere over ei større bredde enn fartøyet som trekk utstyret etter seg i sjøen.
Leveransen inkluderer Ulmatec Baro sitt nye elektriske styringssystem, og gjeld i første omgang for to fartøy, med opsjon på to til.

Håpar på fleire bestillingar

Selskapet omtalar avtalen som eit kommersielt gjennombrot og Jensen håpar det vil opne for bestillingar frå andre i marknaden.

– Dett er eit system som vil gi ein del fordelar, og vi håpar på synergieffektar ved at andre ser at det er ein aktør som kan tilby dette her, fortel Jensen.
Salssjefen seier dei likevel er nøkterne optimistar, ettersom seismikkmarknaden har slitt tungt dei siste åra og investeringsviljen har vore låg.

Truleg pluss i 2020

Rekneskapane for 2020 er ikkje klare enno, men Jensen fortel at dei ligg an til å ende opp på same nivå som 2019.
Det åretog enda med ei omsetning på nær 50 millionar, og eit overskott på drygt to millionar.
– Vi har ei målsetting om at også 2020 skal ende i pluss, avsluttar salssjefen.

Les også:



Publisert: 20.01.2021 13:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12