Jogeir Romestrand (t.v.) Håvard Haanes entec foto marius
OPPTUR I 2022: Entec Group-medeigar Jogeir Romestrand (t.v.) og konsernsjef Håvard Haanes ventar ytterlegare vekst i år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har dobla omsetninga på to år

Entec-selskapa bikka halv milliard og snudde minus til pluss.

Marius Rosbach
26.06.2023

Konsernsjef Håvard Haanes i Entec Group var ikkje nøgd med 2021-rekneskapen som viste raude tal i fjor.

I år er tonen lystigare etter at konsernet held fram med kraftig vekst, og har snudd minus til solid overskott.

- Det går rette vegen, sjølv om vi naturlegvis aldri er heilt fornøgd. Vi er eit vekstselskap og skal utvikle salet – men vi må også betre marginane. Sånn sett var 2022 eit år på det jamne, seier Haanes til NETT NO om fjorårsresultatet.

Omsetninga i fjor enda på 530 millionar kroner, ein vekst på 48 prosent frå året før. Samanlikna med 2020 har konsernet dobla driftsinntektene på to år.

Resultat før skatt blei på knappe 24 millionar, som er det klart høgaste sidan konsernet blei danna i 2018.

Stressar ikkje med børsnotering
Haanes trur dei skal nå målet om ny vekst i 2023, både i omsetning og lønnsemd.

Tidlegare har Entec-sjefen snakka høgt om børsnotering. No erkjenner han at det har vore «mykje rart» dei har vore nøyd til å takle dei siste åra – som dei ikkje hadde venta.

– Covid, grunnrente, fraktratar, leveringstrøbbel, ramsar han opp – og påpeiker at det er flott med planar – men likevel viktig å vere på ballen for å navigere kvar dag.

– Det er ikkje noko vi stressar med, og vi jobbar ikkje målretta mot børs, seier Haanes.

Samtidig påpeiker han at om dei lukkast med å utvikle selskapet og tene pengar, så vil det dukke oppe moglegheiter for dei aksjonærane som måtte ønskje å selge seg ned.

Kjøpte Herøy-selskap – og selde røyravdeling
Entec-konsernet består av dotterselskapa Evotec, Brimer og Norpartners, som alle har Entec som «fornamn». Sistnemnte selskap, som lagar komposittprodukt på eige fabrikk i Latvia blei kjøpt i løpet av fjoråret.

I fjor blei også røyravdelinga på Sjøholt seld til Ørskog-selskapet Tekken, som mellom anna består av fleire av dei tidlegare gründerane i Servitech – som kom inn i Entec i 2018.

Dei siste åra har Evotec vakse på fiskeri og oppdrett, som drog opp 2022-resultatet i konsernet. Den siste tida har det også vorte meir aktivitet i seismikk.

Tøff start for Brimer etter brann
Brimer hadde ein tøff start i fjor med brann på Kvamsøya-fabrikken. Sjølv om forsikringa dekka ein del, gjekk det likevel utover drifta og resultatet, fortel Haanes.

Etter at dei hadde kjøpte Nor-Partners hadde dei heldigvis kapasitet til å ta unna produksjon ved fabrikken i Latvia.

– Det viser og at det er ein viss breidde i konsernet etter kvart, som gjer at vi ikkje er så avhengige av dei enkelte selskapa. Med ulike marknadsområde står vi stødigare, legg han til.

Oppdrettsvekst ute – investeringsstopp heime
Nyleg blei det kjent at Entec Brimer sikra seg sin første eksportavtale på landbasert oppdrett i den globale satsinga til det Singapore-eigde Pure Salmon-konsernet.

Sjølv om det er gledeleg med vekst internasjonalt, legg ikkje Haanes skjul på at dei truleg går glipp av kontraktar til fleire hundre millionar som følgje av investeringsstopp grunna lakseskatten.

– Ein del salsmoglegheiter har stoppa heilt opp og er lagt på is. Truleg er det snakk om prosjekt i storleiken 100 til 300 millionar, anslår Haanes.

Entec Group as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt530,3358,0
Driftsresultat18,5-5,5
Resultat før skatt18,4-5,1

Publisert: 26.06.2023 09:17

Sist oppdatert: 26.06.2023 09:18

Mer om