Kina kjem til Noreg for aa vurdere lakseimport
EKSPORT: Kina kan på nytt verte stor norsk laksemarknad, noko som er godt nytt for Marine Harvest, som her, og andre lakseprodusentar.
Nytt

Kina kjem til Noreg for å vurdere lakseimport

Kinas veterinærmyndigheiter kjem til Noreg veka etter påske for å vurdere å opne for import av norsk laks.

06.04.2017
NPK-NTB: Samtalane skjer i Oslo og Bergen, ifølgje NRK, som først omtalte saka.
Nærings- og fiskeridepartementet bekreftar overfor at fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og ministeren for det kinesiske mattilsynet skal møtast i Oslo over påske. Førre veke møttest representantar for norsk og kinesisk mattilsyn i Beijing.
– Forhåpentleg kan mykje av utfordringane med marknadstilgangen i Kina vere løyst innan sommaren. Vårt arbeid handlar om å rette opp att tilliten til norsk laks, seier Sigmund Bjørgo, som er fiskeriutsending for Norsk Sjømatråd i Kina.

Kan tidoble eksporten

Fram til 2010 hadde Noreg over 90 prosent marknadsdel på import av fersk laks til Kina. I dag er delen på mellom éin og tre prosent. Ein rapport seier at lakseeksporten no kan stige til mellom to og tre milliardar kroner årleg, ei tidobling frå nivået i dag.
– Etterspørselen er enorm. Det handlar om å legge til rette for at importen til Kina kan skje utan forseinkingar, seier Sandberg.
Statsminister Erna Solberg (H), utanriksminister Børge Brende (H) og næringsminister Monica Mæland (H) er på offisielt besøk i Kina denne veka. Besøket kjem etter at forholdet mellom Noreg og Kina vart normalisert i desember i fjor.
Etterspørselen er enorm

Publisert: 06.04.2017 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08