Kjoeper seg opp i A Alesund selskap
OSLO: Her ringer adm. dir. Per Ivar Fagervoll i børsbjølla, og frå 5. april har Ålesund-selskapet vore notert på børsen.
Nytt

Kjøper seg opp i Ålesund-selskap

Skedsmo-selskapet Gemsco har passert 5 prosent eigarskap i Ålesund-baserte Golden Energy Offshore Services.

07.08.2018
Bak investeringselskapet Gemsco står Olav Hofstad Gunnes.
Gemsco kjøpte i dag 176.061 aksjar i Golden Energy Offshore Services, og har dermed totalt 1.360.666 aksjar i selskapet.
Kjøpet førde til at Gemco kom opp i 5.46 prosent eigarskap, noko som resulterte i på børsen.
Kjøpet vart gjort til fem kroner aksjen, noko som prisar heile selskapet til 124 millionar kroner.
I tillegg til kjøpet, ligg det inne ein kjøpsordre på 180.000 aksjar til 4,80 kroner aksjen.
4. august vart det i tillegg omsett ein post på 1,1 millionar aksjar i selskapet.
Fram til dei siste handlane, har det vore laber interesse for å kjøpe aksjar i Golden Energy Offshore Service.
Selskapet vart børsnotert 5. april.

Båtkjøp frå Kina

I starten var det også berre , og selskapet gjekk på børs kun med dei to PSV-ane Energy Scout og Energy Swan.
Men i juni overtok selskapet to fleirbuksfartøy frå kinesiske Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipments Co. Prisen var rundt 145 millionar kroner per skip.

Golden Energy Offshore Services er ein del av Golden Energy Management-systemet som frå før opererer ni offshorefartøy.

Publisert: 07.08.2018 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25