Leiargruppe SB1 1 På bildet frå venstre Ole Magnus Orlien Marita Løvik Stadsnes Kari Melle Andre Skotheim Stig Brautaset Olaf Eskeland og Jan Rune Hurlen Sigrun Heltne Vartdal var ikkje til stades
LEIARGRUPPA: Frå venstre, Ole-Magnus Orlien, Marita Løvik Stadsnes, Kari Melle, Andre Skotheim, Stig Brautaset, Olaf Eskeland og Jan Rune Hurlen. Sigrun Heltne Vartdal var ikkje til stades. Foto: Sparebank1 SMN
Nytt

Leiargruppa klar etter bankfusjon

Åtte personar utgjer leiargruppa i Sparebank1 SMN sin nye divisjon for Sunnmøre og Fjordane. Les kven.

24.01.2023

Før Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre vedtok å slå seg saman var det klart at Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset skulle inn i konsernleiinga.

No er også resten av leiargruppa kvar.

Samanslåinga inneber at Sparebank1 Søre Sunnmøre blir innlemma i Sparebank1 SMN.

Sparebank1 SMN har allereie kontor i Ålesund. No blir verksemda på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane organisert i ein divisjon, der leiargruppa får kontor dels i Ålesund og dels i Volda.

Leiaransvaret for privatmarknaden blir delt i to regionar. Jan Rune Hurlen og Sigrun Heltne Vartdal blir begge leiarar for næringsliv. Hurlen er leiar for Sparebank1 SMN sine næringslivsengasjement på Sunnmøre i dag, Heltne for næringslivsmarknaden i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Her er leiargruppa i divisjonen:

  • Stig Brautaset, konserndirektør
  • Olaf Eskeland, leiar for strategi- og verksemdsutvikling
  • Kari Melle, leiar for marknad og fellesfunksjonar
  • Marita Løvik Stadsnes, leiar for privatmarknad region nord
  • Andre Skotheim, leiar for privatmarknad region sør
  • Jan Rune Hurlen, leiar for næringsliv
  • Sigrun Heltne Vartdal, leiar for næringsliv
  • Ole-Magnus Orlien, leiar for kapitalrådgjeving

Målet er at den formelle samanslåinga av dei to bankane skal skje 2. mai i år.

Publisert: 24.01.2023 09:49

Sist oppdatert: 24.01.2023 21:13

Mer om