10. oktober i fjor oppstod det ein brann i Norled si batteriferje MF Ytterøyningen i Sunnhordaland.
Brannen medførde omfattande skadar.
No har DNV GL saman med sjøfartsmyndigehieter i USA, Danmark og ei rekkje leverandørar sett på korleis slike brannar kan unngåast, korleis dei kan sløkkast, kva gassar som vert utvikla og korleis ein unngår eksplosjonar, som skjedde etter at brannen på Norlded-ferja var sløkt.
Også Kongsberg Maritime har deltatt i prosjektet
- Eit batteri kan produsere svært varme brannar, i tillegg til eksplosjonar frå gassar produserte av batteri, seier han.
Etter at det er gjort ei rekkje testar og undersøkingar, vert det slått fast at ei av dei viktigaste oppdagingane var knytt til ventilasjonssystemet, som er kritisk for å hindre spreiing av eksplosive gassar.
I rapporten vert det vist til at dei ulike batterileverandørane har ulike system for å hindre at eventuelle feil i ei battericelle vert isolert slik at varmeutviklinga frå den kjemiske reaksjonen ikkje vert spreidd til andre celler.
Rapporten viser til at ved ein brann viser det seg at vasståke er mest gunstig for å halde varmen nede og hindre spreiing.
Sprinkleranlegg med vatn kan også fungere.
Brannen medførde omfattande skadar.
No har DNV GL saman med sjøfartsmyndigehieter i USA, Danmark og ei rekkje leverandørar sett på korleis slike brannar kan unngåast, korleis dei kan sløkkast, kva gassar som vert utvikla og korleis ein unngår eksplosjonar, som skjedde etter at brannen på Norlded-ferja var sløkt.
Også Kongsberg Maritime har deltatt i prosjektet
Vil ha meir batteri
Avdelingsdirektør Lars Alvestad seier i ei pressemelding at batteri om bord i skip er miljøvenlege og kosteffektive, og er noko ein ønskjer å sjå meir av i framtida. Han seier at prosjektet har vore viktig for å lære om farene ved slike system og korleis ein kan gjere systema tryggare.- Eit batteri kan produsere svært varme brannar, i tillegg til eksplosjonar frå gassar produserte av batteri, seier han.
Etter at det er gjort ei rekkje testar og undersøkingar, vert det slått fast at ei av dei viktigaste oppdagingane var knytt til ventilasjonssystemet, som er kritisk for å hindre spreiing av eksplosive gassar.
Betre design
Prosjektleiar Henrik Helgesen viser også til at batteridesignet må utviklast med tryggheitsbarriærer slik at utviklinga av brann og gassar er avgrensa til ein så liten del av batteriet som muleg.I rapporten vert det vist til at dei ulike batterileverandørane har ulike system for å hindre at eventuelle feil i ei battericelle vert isolert slik at varmeutviklinga frå den kjemiske reaksjonen ikkje vert spreidd til andre celler.
Rapporten viser til at ved ein brann viser det seg at vasståke er mest gunstig for å halde varmen nede og hindre spreiing.
Sprinkleranlegg med vatn kan også fungere.
Publisert: 27.01.2020 11:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51