Kartlegg miljøavtrykk frå nye Rem-skip
Metizoft og reiarlag set skipsbygging under miljølupen i «banebrytande avtale». Vil setje nye krav til leverandørane.
Metizoft har inngått ein avtale om å gjere livsløpsanalyse for Rem Offshore sine to nye konstruksjonsskip som skal byggast av Vard.
Reiarlaget håper arbeidet gir grunnlag for å gjere meir klimavennlege val. Samtidig Metizoft trur verktøyet vil gi meir business og fleire arbeidsplassar.
Mengden data som skal samlast inn og omfanget av analysene, gjer arbeidet unikt i maritim samanheng, fortel styreleiar Jan Rune Dalsøren i Metizoft til NETT NO.
– Vi skal til eksempel sjå på alt frå korleis ein stol i messa er bygd opp, til kva påverknad det kan ha å skifte ut eit overbygg med aluminium, forklarar han.
- Vil utfordre verdikjeden
I arbeidet skal Metizoft levere eit analyseverktøy som undersøker skipsbygginga «frå A til Å». I ei pressemelding omtalar partane avtalen som banebrytande i bransjen.
Produksjonskjeden skal undersøkast steg for steg. Alt frå ressursutnytting, design og logistikk, til marknadsføring, distribvusjon og bruk skal under lupen.
Kartlegginga vil med andre ord sette nye krav til dei maritime leverandørane.
- Det vil utfordre verdikjeden. Samtidig vil det vere ei kartlegging som gjer at den maritime klynga kan løfte seg og jobbe med fotavtrykket sitt, legg han til.
Dalsøren viser til møbelbransjen som eit eksempel, der verksemder ligg langt framme når det kjem til å dokumentere miljøpåverknad.
Oppfyller krav til bærekraft
Som følgje av nye EU-krav og norske lovendringar vil dokumentasjon av bærekraft bli meir viktig for alle bransjar, også for skipsbyggjarar.
Reiar Fredrik Remøy i Rem Offshore uttaler i pressemeldinga at løysinga frå Metizoft vil «oppfylle og overgå eksisterande krav frå investorar, bankar og sluttkundar», og gjere at reiarlaget oppfyller eigne mål om bærekraft.
Livssyklusanalysen skal bidra til at framtidige fartøy byggast på meir klimavennleg vis.
- Neste gong Rem skal bygge ein båt, så kan dei gjere samanlikningar
og få hjelp til å finne ut korleis dei bør bygge, forklarar styreleiar
Dalsøren.
(saka held fram under)
Trur på fleire arbeidsplassar
Etter fleire år med kraftig vekst, består Metizoft i dag av fleire
selskap med til saman nærare 60 tilsette i Norge og utlandet.
Gründer Gry Cecilie Sydhagen legg heller ikkje skjul på at ho håpar verktøyet skal gi fleire oppdrag i kjølvatnet av Rem Offshore-avtalen.
– Vi trur dette kan være med å tilføre nye arbeidsplassar i Metizoft, seier ho til NETT NO.
Hovudverksemda til Metizoft har vore å kartlegge og dokumentere farleg materiale
om bord på skip. Den nye satsinga er eit ledd i arbeidet med å levere løysingar
som tek for seg heile livssyklusen til fartøya.
Vi trur dette også kan være med å tilføre nye arbeidsplassar i Metizoft
Publisert: 25.03.2022 05:01
Sist oppdatert: 25.03.2022 05:39