- Ein betydeleg del av kontraktssummen dreier seg om utstyr. Noko er allereie bestemt, men vi gjer det vi kan for å få til å velje utstyr frå norske utstyrsleverandørar, seier dagleg leiar Svein Rune Gjerde i Herøy-selskapet Marin Teknikk.
Han opplyser at ein primært håpte på at Maersk skulle velje eit norsk verft for denne storkontrakten på fire pluss to 138 meter lange subsea support skip.
- Kleven var lenge eit aktuelt byggjeverft, men Maersk valde til slutt å byggje ved sitt verft i Dalian i Kina.
Gjerde meiner at prisdifferensen mellom norske verft og kinesiske verft ligg på rundt 20 prosent.
- Dette vart nok avgjerande, sjølv om norske verft er kjende for å levere på tid og til ein svært god kvalitet.
- Det er ekstremt gledeleg at vi kan lande ein slik kontrakt med ein så stor aktør som Maersk, seier Gjerde.
- Han var utruleg stolt over dette, seier salssjef Richard Gjerde.
Han ringde faren etter at han hadde hatt første møtet med Maersk i København.
- Han sa at Maersk var kjend for å vere dei tøffaste i klassen, og at det ville vere ei stor anerkjennelse om Maersk valde oss, seier Gjerde.
Denne kontrakten vart det ikkje noko av, men Maersk kom tilbake og inviterte Herøy-selskapet til å vere med å utvikle ein serie med store subsea support-skip.
Svein Rune Gjerde seier at Marin Teknikk er av dei aktørane som har levert flest ulike typer design av slike fartøy.
- Dette var nok ein av hovedårsakene til at Maersk valde oss.
- Dette samarbeidet har fungert svært godt, seier Gjerde.
Fartøya som skal byggast ved det statseigde Cosco-verftet i Kina, vert av typen MT 6027. Skipa vert 138 meter lange og 27 meter breie med ei innreiing for 120 personar i enkeltmannslugarar.
- Vi har leveret design til endå større skip, men her er det snakk om svært avanserte skip med høg komfort, seier Gjerde.
Mellom anna får skipa kraner som kan løfte 100 tonn og 400 tonn og arrangement for å handtere fjernstyrte undervassubåtar som kan operere ned til 3000 meter djupne.
Det første skipet skal leverast i slutten av 2016 og det siste av dei fire skipa i 3. kvartal 2017. Men alt tyder på at Maersk vil gjere seg nytte av opsjonen på ytterlegare to skip, slik at ein totalt snakkar om seks skip.
Skipa får dieselelektrisk framdriftsteknologi, med lave utslepp til miljøet og god lastekapasitet på det store lastedekket. Dei nye Maersk-skipa skal byggast i samsvar med Lloyds Register-klasse og med DP3 klasse.
- Vi er det leiande designselskapet på denne typen skip, seier Gjerde.
Herøy-bedrifta har totalt 90 tilsette fordelt på 60 i Herøy og 30 i polske Szczecin.
- Kontrakten sikrar arbeid ut 2016 og litt inn i 2017. I tillegg har vi mykje anna spennande på gang, seier Svein Rune Gjerde.
Han opplyser at ein primært håpte på at Maersk skulle velje eit norsk verft for denne storkontrakten på fire pluss to 138 meter lange subsea support skip.
- Kleven var lenge eit aktuelt byggjeverft, men Maersk valde til slutt å byggje ved sitt verft i Dalian i Kina.
Gjerde meiner at prisdifferensen mellom norske verft og kinesiske verft ligg på rundt 20 prosent.
- Dette vart nok avgjerande, sjølv om norske verft er kjende for å levere på tid og til ein svært god kvalitet.
100 millionar til Marin Teknikk
For Marin Teknikk er avtalen med danske Maersk Supply Service den klart største enkeltkontrakten i selskapet si 33 år lange historie. Truleg er det snakk om rundt 100 millionar kroner til Herøy-selskapet.- Det er ekstremt gledeleg at vi kan lande ein slik kontrakt med ein så stor aktør som Maersk, seier Gjerde.
Faren var stolt
Svein Rune Gjerde starta Marin Teknikk i 1981 saman med faren Edvard Gjerde, som døydde i fjor. Men før faren døydde fekk han med seg at det var kontraktsforhandlingar på gang med Maersk.- Han var utruleg stolt over dette, seier salssjef Richard Gjerde.
Han ringde faren etter at han hadde hatt første møtet med Maersk i København.
- Han sa at Maersk var kjend for å vere dei tøffaste i klassen, og at det ville vere ei stor anerkjennelse om Maersk valde oss, seier Gjerde.
Store på subsea fartøy
Samarbeidet med Maersk starta i mai 2013, då i utgangspunktet rundt utvikling av ein serie med plattform supplyskip.Denne kontrakten vart det ikkje noko av, men Maersk kom tilbake og inviterte Herøy-selskapet til å vere med å utvikle ein serie med store subsea support-skip.
Svein Rune Gjerde seier at Marin Teknikk er av dei aktørane som har levert flest ulike typer design av slike fartøy.
- Dette var nok ein av hovedårsakene til at Maersk valde oss.
Tett samarbeid
For ti månader sidan vart det klart at Marin teknikk fekk kontrakten, i konkurranse med fem andre selskap. Deretter har det vore eit tett samarbeid mellom Maersk og Herøy-selskapet.- Dette samarbeidet har fungert svært godt, seier Gjerde.
Fartøya som skal byggast ved det statseigde Cosco-verftet i Kina, vert av typen MT 6027. Skipa vert 138 meter lange og 27 meter breie med ei innreiing for 120 personar i enkeltmannslugarar.
- Vi har leveret design til endå større skip, men her er det snakk om svært avanserte skip med høg komfort, seier Gjerde.
Truleg seks skip
Fartøya skal kunne gjere ei lang rekkje oppdrag, som legging av kablar og anna utstyr og installasjoner for undervassarbeid.Mellom anna får skipa kraner som kan løfte 100 tonn og 400 tonn og arrangement for å handtere fjernstyrte undervassubåtar som kan operere ned til 3000 meter djupne.
Det første skipet skal leverast i slutten av 2016 og det siste av dei fire skipa i 3. kvartal 2017. Men alt tyder på at Maersk vil gjere seg nytte av opsjonen på ytterlegare to skip, slik at ein totalt snakkar om seks skip.
Skipa får dieselelektrisk framdriftsteknologi, med lave utslepp til miljøet og god lastekapasitet på det store lastedekket. Dei nye Maersk-skipa skal byggast i samsvar med Lloyds Register-klasse og med DP3 klasse.
Meir på gang
Marin Teknikk har designa fleire skip i denne kategorien. Dei to siste vart levert i år til Olympic Shipping og Rem Offshore i Fosnavåg.- Vi er det leiande designselskapet på denne typen skip, seier Gjerde.
Herøy-bedrifta har totalt 90 tilsette fordelt på 60 i Herøy og 30 i polske Szczecin.
- Kontrakten sikrar arbeid ut 2016 og litt inn i 2017. I tillegg har vi mykje anna spennande på gang, seier Svein Rune Gjerde.
Kleven var lenge eit aktuelt byggjeverft
Publisert: 18.08.2014 21:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36