Kjempeopptur for Ålesund-rederi
Golden Energy suveren børsvinnar etter melding om nye kontrakter.
Aksjekursen til Golden Energy Offshore Services har gjort det svært godt dei siste dagane.
OPPDATERT FREDAG: Oppturen fortsetter for Ålesund-rederi
Torsdag var oppgangen til reiarlaget frå Ålesund på nær 80 prosent en dryg time før handelen ved Oslo børs stengte. Ved børsslutt var oppgangen på 70,9 prosent.
Også reiarlaga Havila Shipping, Solstad Offshore og DOF var blant vinnarane torsdag
Melde om meir arbeid
Golden Energy Offshore meldte tysdag om meir arbeid for skipa Energy Duchess og Energy Empress. Eit tredje skip, Energy Swan har kontrakt som varar til slutten av året. Dermed har reiarlaget tre skip i arbeid første halvår, medan eit fjerde skip, Energy Scout, ligg i opplag.
Ålesund-reiarlaget vart børsnotert i april 2018. I starten av februar 2019 var kursen oppe i 6,50 kroner per aksje, før den fall ned til 0,56 kroner per aksjen i oktober 2019.
Med kortvarige unntak har kursen vore under ei krone aksjen sidan. Torsdag ettermiddag var den oppe i to kroner kroner aksjen, som verdset selskapet til drygt 90 millionar kroner.
Publisert: 03.03.2022 15:25
Sist oppdatert: 04.03.2022 09:50