Inntektene for Stranda-selskapet auka med 239 millionar kroner frå 2013 til 2014, mykje takka vere ein kraftig auke i lakseprisen.
- Vi har hatt eit ekstraordinært godt år, seier eineeigar og dagleg leiar André Skarbø.
Han seier at selskapet i 2014 nytte godt av å ikkje hatt aktivitet i Russland.
- Dermed kunne vi oppnå omsetningsvekst på alle våre prioriterte område, seier han.
- Årsresultatet er også prega av ein stor valutagevinst som følgje av kronesvekkelsen gjennom 2014, seier Skarbø.
Gjelda auka samstundes frå 104 til 193 millionar kroner, og styret har vedteke å pløye heile overskotet tilbake til selskapet.
Stranda-selskapet er inne i sitt tiande driftsår etter at det i 2004 først vart etablert som Norsk Sjømat Trading, og var deleigd av Norsk Sjømat.
I 2011 kjøpte André Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.
Platina Seafood driv med kjøp og sal av laks og ørret, med hovedfokus på norsk og chilensk oppdrettslaks. I tillegg leigeproduserer selskapet ferdigvarer av laks og ørret for vidaresalg.
Andreasen har busett seg i Miami og representerer Platina Seafood der.
Skarbø opplyser at Platina Seafood Inc importer og distribuerer til ei rekkje aktørar.
- Mellom anna til food service, cruiseindustrien og restaurantkjeder primært i Nord Amerika og Karibien, seier Skarbø.
- Vi har hatt eit ekstraordinært godt år, seier eineeigar og dagleg leiar André Skarbø.
Han seier at selskapet i 2014 nytte godt av å ikkje hatt aktivitet i Russland.
- Dermed kunne vi oppnå omsetningsvekst på alle våre prioriterte område, seier han.
Valutagevinst
Selskapet auka også resultatet kraftig. Driftsresultatet auka frå 18 til 25 millionar kroner, medan resultatet før skatt auka frå 20 til 33 millionar kroner.- Årsresultatet er også prega av ein stor valutagevinst som følgje av kronesvekkelsen gjennom 2014, seier Skarbø.
Gjelda auka samstundes frå 104 til 193 millionar kroner, og styret har vedteke å pløye heile overskotet tilbake til selskapet.
Ventar lavare marginar
I 2015 reknar ein nemleg med høge lakseprisar og press på marginane.Stranda-selskapet er inne i sitt tiande driftsår etter at det i 2004 først vart etablert som Norsk Sjømat Trading, og var deleigd av Norsk Sjømat.
I 2011 kjøpte André Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.
Platina Seafood driv med kjøp og sal av laks og ørret, med hovedfokus på norsk og chilensk oppdrettslaks. I tillegg leigeproduserer selskapet ferdigvarer av laks og ørret for vidaresalg.
Miami-satsing
Mykje av salet går til USA og Canada. I Miami, USA, har Platina Seafood oppretta eit eige sals- og distribusjonsselskap saman med Villa Organic-gründer Johan E. Andreasen frå Vikebukt.Andreasen har busett seg i Miami og representerer Platina Seafood der.
Skarbø opplyser at Platina Seafood Inc importer og distribuerer til ei rekkje aktørar.
- Mellom anna til food service, cruiseindustrien og restaurantkjeder primært i Nord Amerika og Karibien, seier Skarbø.
Årsresultatet er også prega av ein stor valutagevinst
Publisert: 18.02.2015 12:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41






