Brim I foto Vestfold Interkommunale Brannvesen 11
GASSAR: Brannsjef Per Olav Pettersen fortel at det er eksplosjonsfaren i lukka rom om bord i båten, som utgjer risikoen, ifølgje til Facebook-sida til Vestfold Interkommunale Brannvesen. Foto:
Nytt

Kjenner ikkje omfanget av konsekvensane enno

Brim-reiarlaget har planar om å tinge fleire båtar frå Maritim Partner - av same type som starta å brenne.

Marius Rosbach
15.03.2021

Tidleg måndag ettermiddag var det framleis ukjent kva som var årsaka til at det oppstod røykutvikling om bord på sightseiingbåten Brim. Hendinga skjedde under transit i Oslofjorden og etterpå blei båten slept til Tønsberg.

– Ingen har vore nede i båten enno. Beredskapsavdelingane har jobba med å få ut alt av eventuelle gassar på en sikker måte, seier Agnes Arnadottir til NETT NO.

Ho er medeigar og sjef for reiarlaget som har satsa på hybridbåtar bygd ved Maritime Partner i Ålesund.

Vil bygge fleire båtar
NETT NO har tidlegare omtala planane om å tinge både ein og to båtar til frå Ålesund-selskapet. Før ein kjenner årsaka til brannen, kan ikkje Arnadottir seie noko om den vil få konsekvensar for nybyggingsplanane.

– Konsekvensane av dette kjenner vi ikkje omfanget av enno. Det kjem heilt an på skaden, legg ho til.

Batteripakken om bord er på 800 kWh, og er leverte av Grenland Energy, som i 2019 vart kjøpt opp av batteriprodusenten Corvus.

Agnes arnadottir espen larsen hakkebo brim foto ogne 11
Agnes Árnadóttir og Espen Larsen-Hakkebo ombord i sitt første sightseeingsfartøy fra Maritime Partner. Foto: Ogne Øyehaug

Maritim Partner-sjefen spent
Maritime Partner-sjef Peder R. Myklebust er måndag på veg til Tønsberg saman med servicesjefen for å sjå nærare på fartøyet.

– Så langt vi kjenner til no, skal ikkje det som har skjedd på Brim gi nokon konsekvensar for vår ordrebok, men vi er spent på svaret om kva som har skjedd, fortel Myklebust til NETT NO.

Per no veit ikkje dei meir enn reiarlaget, og må vente til nødetatane gir grønt lys til å gå om bord.

saka held fram under

Brim I foto Vestfold Interkommunale Brannvesen 22
TIL KAI: Reiarlaget må vente til naudetatane er ferdige med sin jobb, før dei kan undersøke kva som var årsaka til røykutviklinga. Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen

La om cruiseplanane
Brim-reiarlaget har vore gjennom eit krevjande år som følgje av pandemien, men Agnes Arnadottir konkluderer med at dei har klart seg «relativt bra» i høve resultat.

I staden for å frakte utanlandske turistar på Svalbard, blei den eine båten i fjor sommar stasjonert i Oslofjorden. Den andre segla med hovudsakleg norske reisande i Lofoten.

– Sommaren i Lofoten blei betre enn vi hadde turt på håpe på, og også Oslo var ganske bra, fortel ho.

Til sommaren har reiarlaget planar om å stasjonere båtane i Lofoten og på Svalbard.

På turne som skuleskip
No om dagen er båtane Brim og Bard på turne som skuleskip for Redningsselskapet. Den eine segla nordover frå Ålesund 1. mars og den andre frå Oslo.

Planane for den vidare turneen for Brim I, er naturleg nok usikre for augneblinken grunna brannen.

Publisert: 15.03.2021 13:04

Sist oppdatert: 15.03.2021 13:17

Mer om