Kort fortalt

Røykutvikling i batteriskipet Brim

Varmen kom frå motorromet.

12.03.2021

Under transitt i ytre Oslofjord torsdag kveld, kom det røyk frå hybridskipet Brim, skriv TU.

Batteripakken om bord er på 800 kWh, og er leverte av Grenland Energy, som i 2019 vart kjøpt opp av batteriprodusenten Corvus.

TU opplyser at det kun var mannskap om bord under røykutviklinga.

Den 24 meter lange og 11 meter breie katamaranen, er opphavleg bygd for å frakte turistar i Lofoten.

Skipet er bygd av Maritime Partner i Ålesund, og vart levert derifrå i 2019.

Brim er slept inn til Tønsberg. TU skriv at brannvesenet og Corvus samanliknar røykutviklinga frå Brim med batteribrannen i ferja Ytterøyningen, der ein lekkasje i batteripakken førde til brann i el-ferja.

Brim
BRIM: Katamaranen Brim etter levering frå Maritime Partner: Foto: Ogne Øyehaug

Publisert: 12.03.2021 23:00

Sist oppdatert: 13.03.2021 03:09

Mer om