Kjøper Stryn-firma med 16 tilsette
Tussa styrkar seg på installasjon i Nordfjord.
Tussa er allereie den største elektroentreprenøren i distriktet, med 110 tilsette ved avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.
Etter at Stryn Elektro er fusjonert inn i Tussa Installasjon i løpet av året, vil dei ha 16 nye tilsette. Alle skal halde fram i jobbane sine som før.
«God aktivitet» i Stryn og Nordfjord
Administrerande direktør Roar Stenersen Tussa Installasjon fortel at det er naturleg for dei å etablere seg i Stryn.
– Det er god aktivitet i marknaden i Stryn og Nordfjord, og vi vil levere tenester både til rivatpersonar, bedrifter og til prosjektmarknaden. Nærleik til kundane er viktig, og med kjøpet av tryn Elektro får vi dyktige tilsette som kjenner marknaden godt, uttaler han i meldinga.
Solide resultat
Stryn Elektro har omsett for drygt 60 millionar kroner i åra 2017 til 2020. Verksemda har gått med eit solid overskott og hatt driftsmarginar på kring ti prosent dei same åra.
Dagleg leiar Geir Olav Øvreseth i Stryn Elektro har tru på at dei saman med Tussa skal videreutvikle ei framtidsretta verksemd, som vil ta godt vare på dei tilsette.
Publisert: 16.12.2021 09:23
Sist oppdatert: 16.12.2021 09:30