Eviny Arne Andreas Riisnes Ragnhild Janbu Fresvik
Konserndirektør Arne Andreas Riisnes og konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny som vil bli ein større industriell aktør i vindkraftmarknaden. Foto: Eviny
Nytt

Kjøper vindkraftverk på Nordvestlandet

Eit av dei største energikonserna i landet betalar 6,1 milliardar kroner for to anlegg.

16.01.2024

(NPK-NTB): Eviny har kjøpt vindkraftparkane på Guleslettene og Tellenes på Vestlandet frå det globale investeringsselskapet BlackRock.

Førstnemnte ligg i Bremanger og Kinn kommune.

– Kjøpet av vindparkane er ei strategisk, langsiktig og industriell avgjerd for Eviny i tråd med vekstambisjonane våre, og som passar godt saman med den etablerte vasskraftproduksjonen vår, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny i ei pressemelding.

Prislapp på kring 6,1 milliardar
Kjøpet aukar eigarskapen til selskapet i fornybar energi med nærare 20 prosent.

Partane har avtalt ein selskapsverdi på 537,5 millionar euro - eller kring 6,1 milliardar - for dei to vindparkane. Avtalen er likevel avhengig av godkjenning hos norske konkurransestyresmakter, og salet er venta sluttført innan utgangen av mars.

Begge dei to parkane har vore eigd av BlackRock.

Lagar straum for 44.000 husstandar
Guleslettene vindkraftverk ligg i Bremanger og Kinn kommune som årleg produserer rundt 700 gigawattimar. Det svarar til eit årleg straumforbruk for kring 44 000 husstandar.

Vindparken består av 47 turbinar og blei sett i drift i 2021

Tellenes vindkraftverk ligg i rogalandskommunane Lund og Sokndal, og består av 50 turbinar med ein årleg produksjon på 520 gigawattimar.

(©NPK)

Publisert: 16.01.2024 15:59

Sist oppdatert: 16.01.2024 16:04

Mer om