Medtech-selskapet Ably Medical er kome fleire skritt vidare i løpet av det siste året.
I løpet av fjoråret fekk dei på plass ny kapital på kring 31 millionar kroner. I år jobbar dei mot ei oppskalering både i inntekter og tilsette.
«Lyng One»-produktet - avanserte sensormatter med ei tilhøyrande overvakingssystem - blir no lansert for fullt.
– Full fart framover
Utstyret er allereie teke i bruk ved fleire sjukehus. I løpet av få månader reknar dei å vere i marknaden med ei høgare klassifisering av utstyret.
– No er det full fart framover. Vi avslutta ein klinisk studie seint i fjor, og ventar no på ei godkjenning som truleg kjem før sommaren, fortel dagleg leiar Mikkel Ingstrup i Ably Medical til Nett No.
Studien blei gjort ved - og i samarbeid - med Ålesund sjukehus.

Til no har det vore mest underskot i rekneskapen til selskapet. I løpet av 2025 håpar Ingstrup at inntektene skal starte å rulle inn for alvor.
– Eg skal ikkje love at vi kjem i balanse allereie i år, men vi reknar med at inntektene vil vekse, seier han.
Jobbar mot ny emisjonsrunde
I møte med ein tregare kapitalmarknad valde selskapet å gjere ting i fleire steg.
Ably Medical-sjefen er likevel nøgd med beløpet dei henta inn i løpet av fjoråret, og påpeiker at dei største investorane var med vidare, i tillegg til at dei fekk inn ein ny mindre dansk investor.
I den neste runden vil vi gjerne ha om bord ein større internasjonal investor
– I løpet av året eller starten av 2026, har vi planar om ei ny kapitalinnhenting. Den skal brukast til å skalere eller å gå inn i ein ny marknad, fortel Ingstrup.
– Vi har ikkje all tid i verda, men vi har fokus på å få inn den rette partnaren. I den neste runden vil vi gjerne ha om bord ein større internasjonal investor, legg han til.

På jakt etter fleire tilsette
Selskapet er i dag 14 tilsette som jobbar i Ålesund, Oslo, danske Randers og München i Tyskland. Hovudkontoret til selskapet er framleis i Ålesund, men dei er fleksible på kvar dei tilsett folk.
– Når vi rekrutterer så opprettar vi gjerne stillinga ved den avdelinga der vi finn den beste kandidaten, fortel Ably Medical-sjefen.
No er selskapet på jakt etter fleire tilsette. Ingstrup fortel at dei i løpet av kort tid vil ha på plass ein produksjonsansvarleg og finansdirektør. Også salsteamet vil bli styrka i løpet av året.
Fekk inn nye eigarar frå Trøndelag
Ingstrup fortel at fjorårets kapitalinnhentingar ble gjort ved ein kombinasjon av pengar og konvertering av gjeld.
Fleire av eksisterande aksjonærar deltok, og samtidig kom Trondheim-baserte Cofounder inn på eigarsida.
Investeringsselskapet som også er med på Sparebank 1 SMN sitt såkornfond Såkorn 1 Midt, har i dag ein eigardel i selskapet på kring 11 prosent.
Pir I Invest, Ronja Capital og Jakob Hatteland Holding er dei største eigarane elles.
– Vi har solide investorar i ryggen, stadfestar Ingstrup.
Publisert: 07.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 06.03.2025 23:22