Trondheim-baserte Cofounder var mellom dei som presenterte seg under Investormatch i Ålesund onsdag.
Investeringsselskapet som blant anna er med på Sparebank 1 SMN sitt såkornfond Såkorn 1 Midt, har fleire engasjement på Nordvestlandet.
I løpet av første kvartal i 2025 kjem dei til Ålesund med sitt eige akseleratorprogram for vekstselskap «Trykktanken».
– Vi gjennomfører programmet i samarbeid med KLP fire gonger i året på ulike plassar rundt i landet, fortel Jørgen Pettersen til Nett No.
Saman med Bjørnar Reitan fortalde han ein fullsett sal på Pir korleis dei jobbar og kva dei ser etter.
Skal utvide såkornfond
Cofounder forvaltar kring 200 millionar i det nemnte såkornfondet som blei lansert saman med Sparebank 1 SMN i fjor haust.
Pettersen kunne fortelje at det no blei jobba med å utvide fondet med minst 100 millionar til neste år. Fondet skal tilføre vekstkapital til oppstarts- og vekstselskap i Midt-Norge.
– Dei som har gode idear må berre ta kontakt, oppmoda Pettersen.
Dronar inspiserer lukka rom
Teknologiselskapet Scout DI var ein anna trønderbasert aktør som deltok på Investormatch onsdag. Dei held til i Trondheim og blir leia av sunnmøringen Nicolai Husteli.
Selskapet som lagar dronar til å inspisere lukka rom og samle inn data til oppdragsgivaren, var mellom dei som presenterte seg for potensielle investorar.
– Vi tar data og gjer det om til nyttig informasjon for kunden, fortalde han.
Dronane til Scout DI blir nytta i alt frå den store vindparken i danske Ørsted – for å undersøke understellet for vindkraftturbinane, til å inspisere store tankar om bord i skip – medan det er i seglas.

– Ein stor marknad
Husteli fortalde at dronene navigerer etter det han kallar «flaggermusteknologi» som nyttar laserteknologi og lys.
Dronen skannar rommet og lagar 3D-kart til eksempel med kva tjukkelse det er på stålet i konstruksjonen.
– Eg har sjølv jobba i slike tankar ved lokale verft og veit korleis det er – og det er ikkje berre kjekt. Då er det mykje betre å sende inn ei slik drone, sa han.
Omsetninga til Scout DI auka frå seks til 14 millionar frå 2022 til 2023, og pilane peikar vidare oppover.
– Det er ein stor marknad og det er plass til fleire leverandørar, svarte han på spørsmål om konkurransen i marknaden.
E23/S2 Kva skal til for å lukkast som gründer?
Publisert: 17.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 16.10.2024 23:11