Bli med hjem 2019 i Oslo foto Molde Næringsforum
REKRUTTERING: Næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund har tidlegare samarbeida om arrangement som her på Bli Med hjem. No vil dei jobbe tettare saman og ber om støtte frå fylkeskommunen. Foto: Molde Næringsforum
Nytt

Pengedryss til næringsprosjekt

Felles rekrutteringsarbeid i dei tre største byane og marin industrialisering mellom tiltak som kan få pengar.

Marius Rosbach
30.11.2022

Politikarane i kultur- næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal skal onsdag ta stilling til løyvingar til ein rekke prosjekt som på ulike måtar kan vere med å sette fart i næringsutviklinga i fylke.

Fylkeskommunedirektøren rår politikarane til å seie ja til å støtte samtlege prosjekt på sakskartet. Løyvingane skal dekke halvparten av dei totale kostnadene.

Rekruttering og reiseliv
Eit rekrutteringsposjekt der næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund skal jobbe saman om rekruttering og omdømmebygging, er mellom sakene. Administrasjonen går inn for at forprosjektet får 2,175 milllionar kroner.

Også eit prosjekt om «Utvikling av Møre og Romsdal som Nord-Europas beste reisemål for kultur- og naturbaserte opplevingar», ligg an til å få støtte på to millionar.

Arbeidet skjer i regi av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og har eit totalbudsjett på drygt fire millionar.

Mest til sjømat og fiskeri
Industrialisering av den marine verdikjeda ligg an til å få den største potten frå utvalsmøtet på 7,5 millionar kroner, ifølgje innstillinga.

Det er pengar som skal sikre midlar til Møreforsking-prosjektet i åra fram til 2027. Fylkeskommunen har tidlegare forplikta seg til ei årleg støtte – men det er ikkje lagt inn i budsjetta framover.

Fylkeskommunedirektøren går også inn for å løyve tre millionar kroner til North Atlantic Institute for Sustainable Fishing (NAIS) til utvikling av berekraftig ressursforvaltning.

NAIS er ei stifting som har utspring frå fiskerimiljøet på Midsund og vil etablere eit senter med tenester for berekraftige havressursar. Det heile skal skje gjennom eit fiskerisamarbeid med sju aktivitetar.

Berekraft og havvindindustri
NHO Møre og Romsdal ligg dessutan an til å få støtte på 2,08 millionar til ei prosjektstilling. Personen skal jobbe med konkrete problemstillingar kring berekraft, der privat sektor kan finne løysingar på utfordringar kommunane har.

Innstillinga er positiv til ei løyving på 1,05 millionar til programmet Skaparkraft – fornybar energi til Doxacom – Ocean Knowledge og prosjektet «Krafttak Nordvest». Ordninga skal stimulere til næringsutvikling på energiområdet.

Fylkeskommunedirektøren rår også utvalet til å løyve ein halv million kroner til Ikuben-prosjektet «Grøne industrielle løft – havvind», ifølgje innstillinga.

Publisert: 30.11.2022 10:45

Sist oppdatert: 30.11.2022 10:35

Mer om