Vekst i Hareid styringsgruppa 2022 Foto Nanseth Media 11
STYRINGSGRUPPA: (bak frå venstre) Bernt Brandal (representant frå Hareid kommune), Kai-Rune Bjørke (representant frå Hareid kommune), Terje Giskeødegård Balsnes (vara frå næringslivet), Alfred Øverland (observatør Innovasjon Norge), Pål-Andreas Alnes (representant frå næringslivet). Rad 2 frå venstre: Ragnhild Velsvik Berge (observatør frå Hareid kommune, Karl-Johan Bakken (styreleiar), Hege Karete Hamre (representant frå næringslivet), Olav Haug Vikebakk (representant frå næringslivet.) Framme frå venstre: Julie Sundgot Andersen (prosjektleiar), May-Britt Roald (observatør Møre og Romsdal fylkeskommune) Foto: Nanseth Media
Nytt

Jobbskapar-prosjekt sikra støtte

Ti lokale bedrifter har forplikta seg til å støtte Vekst i Hareid dei neste åra.

Marius Rosbach
24.11.2022

Vekst i Hareid er sikra midlane dei treng frå næringslivet dei neste tre åra. Det er klart etter at ti lokale bedrifter i kommunen har forplikta seg til sine bidrag.

- At vi har sikra næringslivet sitt bidrag i prosjektet fram til 2025, gjer at forankringa ute i bedriftene er betre, seier prosjektleiar Julie Sundgot Andersen i Vekst i Hareid til NETT NO.

Dei offentlege bidraga er framleis avhengige av årelege løyvingar via statsbudsjettet.

Vil skape 200 nye arbeidsplassar
Prosjektet er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Hareid næringsforum og har som mål å skape minst 200 nye arbeidsplassar dei neste tre åra.

Drifta er eit spleiselag der næringslivet og Hareid kommune står for ein firedel kvar, medan fylkeskommunen betalar halvparten av kostnadene.

Budsjettet for det komande året er på kring fire millionar, etter at fylkespolitikarane tidlegare i år, løyvde to millionar til arbeidet.

- Ein del av kommunen og næringslivet sine bidrag, er i form av timar med eigeninnsats i prosjektet, seier Andersen.

Vil ha næringslivet tettare på
Dei ti partnarbedriftene representerer i stor grad dei største næringsaktørane i Hareid. Også ei ny styringsgruppe, som blir leia av Karl-Johan Bakken, er på plass.

- Skal vi klare å stimulere til prosjekt som skaper varig endring, må næringslivet tettare inn i prosjektet, uttaler Bakken i ei pressemelding.

Bedriftene som no har forplikta seg, er Jets Vacuum, Hareid Elektriske, Dimo, Ulmatec, Intership, Sparebanken Møre, Spenncon, HS Rise, Brakali og Holstad Eiendomsutvikling.

Den nye styringsgruppa består i tillegg til Bakken av: Olav Haug Vikebakk, Hege Karete Hamre, Pål-Andreas Alnes, Bernt Brandal, Kjetil Nesset og Kai-Rune Bjørke.

Vidare er Alfred Øverland frå Innovasjon Norge, May-Britt Roald frå Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunedirektør, Ragnhild Velsvik Berge observatørar i styret. I tillegg er Terje Giskeødegård Balsnes møtande vara.

Publisert: 24.11.2022 09:41

Sist oppdatert: 24.11.2022 09:57

Mer om