Industri illustrasjon innfelt hilde aspås foto marius mrfylke 11
EKSPORTSATSING: Næringssjef Hilde Aspås (innfelt) i Møre og Romsdal fylkeskommune leiar arbeidet med eksportprogrammet Skaparkraft. Foto: Marius Rosbach/Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Næringslivet «særs fornøgd» med eksportsatsing

Dei første prosjekta har allereie fått støtte frå Skaparkraft-programmet.

Marius Rosbach
11.11.2022

Erfaringane med eksportprogrammet Skaparkraft har vore god, ifølge ein statusrapport for prosjektet.

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal bestemte seg i fjor for å sette av 15 millionar kroner årleg for å støtte eksportnæringane. No er dei første pengane gitt til mellom anna Ikuben, Sintef i Ålesund og ÅKP/Digicat - og fleire søknader er under behandling.

Sjå liste over kven som har fått støtte under

Største eksportsatsinga nokon gong
Satsinga er den største fylkeskommunen har gjort på området, som naturleg nok har bakgrunn i Møre og Romsdal si sterke posisjon som eksportfylke.

– Målgruppene er særs fornøgd med at fylkeskommunen har fått i gang Skaparkraft, heiter det i statusrapporten som ligg ved som referatsak for Kultur, næring og helseutvalet sitt møte fredag.

Tildelt 11,7 millionar
Tildelingane skjer gjennom fire delprogram: Grøne industrielle løft, smart teknologi, fornybar energi - og kompetanse i og for næringslivet.

Ved inngangen til november var 11,7 millionar kroner av ramma på 15 millionar løyvd. Det er venta at fleire søknader kjem før årsskiftet, og at pengane blir brukt opp.

Sjå liste over kven som har fått støtte under

Ber om at programmet ikkje blir nedprioritert
Fylkesøkonomien er pressa, men i rapporten til politikarane blir det påpeika at det er «essensielt for utviklinga av næringslivet at dei årlege rammene i Skaparkraftprogrammet ikkje vert omprioritert og nedjustert».

– Fleire roser fylkeskommunen for aktiv haldning og evne og vilje til å handle i form av klare prioriteringar og konkret støtte til prosjekt, heiter det i statsusrapporten.

Bedrifter som Brunvoll, Arctic Bioscience og Wattn er mellom dei som er med i referansegruppa for programmet.

Sjå liste over kven som har fått støtte under

Grøne industrielle løft:

iKuben saman med Hydro, Hycast, NTNU, Prodtex, Sintef, Oshaug Metall m. fleire

Industriell utvikling i sirkulære verdikjeder for aluminium

1.000.000

Regionalt forskingsfond (RFF)

Midlar til styrking av RFF

3.000.000

Smart teknologi:

Innveno

Kartlegging av behov for lokal robot- og automasjonslab

250.000

iKuben

Rettleier infrastruktur for innovasjon

850.000

Sintef Ålesund

Mobilisering til bruk av Møre Ocean Lab

500.000

ÅKP, Digicat

Mobilisere til bruk av Digicat

1.000.000

Vindel

Made in Nordmøre

200.000

ProtoMore

Skaleringsprogram for auka eksport

1.506.750

ÅKP

Scale up for å utvikle internasjonal modul

512.500

Fornybar energi:

Utarbeide strategisk plan for ladepunkt og energistasjoner i M&R

630.000

Solenergipark på Smøla

Engasjert Cowi og IFE til utreiingsarbeid, bygge digital tvilling

1.000.000

Energiportalen

MRFK har kjøpt lisens til energiportalen.no til alle bustadar i fylket i eitt år

1.000.000

Kristiansund Energihub (Neas AS, ReMidt AS, Kristiansund næringspark AS)

Forprosjekt etablere energistasjon for tungbilar

275.000

Publisert: 11.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.11.2022 01:17

Mer om