Inger synnøve remme foto marius 11
TILBAKE: Inger Synnøve Remme er tilbake i Ålesund kommune som næringskontakt, etter å ha vore ute i permisjon. Det blir godt motteke. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Pustar letta ut etter å ha fått Remme tilbake

Næringslivet er samstemde om comebacket: – Vi er glade ho er tilbake.

Kjell Arne Steinsvik
19.08.2022

Nyleg vart det kjent at Inger Synnøve Remme vende tilbake til Ålesund kommune, i stilling som næringskontakt og rådgivar. Dette skjedde etter at ho hadde hadde eitt års permisjon frå stillinga som næringssjef i kommunen.

Då det våren 2021 vart kjent at Remme skulle ha eitt års permisjon utan at stillinga som næringssjef skulle lysast ut, vekte det reaksjonar i næringslivet.

Mange frykta at arbeidet med næringsstrategien skulle stagnere utan ein dedikert næringssjef til å følgje den opp.

Regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal var ein av dei som var kritisk til at kommunen valde å ikkje lyse ut stillinga medan Inger Synnøve var ut i permisjon.

– Det er ikkje bra dersom dette arbeidet blir sett på pause, og kommunen blir utan dedikerte personar i førarsetet, sa Remme til NETT NO i april i fjor.

Gjekk som frykta
No, meir enn eitt år etter, meiner han næringspolitikken ikkje vart sett på dagsorden i den grad den burde medan næringssjefen var i permisjon.

– Vi kan stadfeste bekymringa vår om at fråveret av initiativet og rolla i Ålesund kommune har gjort at vi ikkje har sett ei så synleg, aktiv næringspolitikk og næringsstrategi som vi hadde håpt. Det var grunn til bekymring, seier regiondirektøren.

(saka held fram under)

Espen remme ukraina foto marius 11
LETTA: NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal. Foto: Marius Rosbach
Likevel er han glad for at kommunen igjen har lagt til rette for næringsutvikling gjennom den nye stillinga næringskontakt og rådgivar.

– Vi opplever allereie at tematikken har kome opp att. Vi vert kontakta med ting som dei lurer på, og det er snakk om å kome i gang att og få arbeidet med næringsstrategien frå Ålesund på sporet att. Det er vi veldig glad for.

– Kva meiner du bør prioriterast framover?

– Vi er opptekne av å lage møteplassar der kommunen har god dialog med næringslivet om alt frå aktive næringstiltak til planar og arealutformingar som vi brukar å adressere kommunen med. Vi er opptekne av å ha ein næringsvenleg kommune som held god dialog, er føreseieleg, lyttar til næringslivet og legg til rette for at næringsutvikling kan skje.


Prioriterer arbeidet
Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre pustar også letta ut over at Remme kom tilbake til kommunen etter permisjonen.

– Det er veldig kjekt å sjå at ho er tilbake og at ein kan byggje vidare på kompetansen ho har opparbeidd seg gjennom tida ho var der. Det gir også ein fin indikasjon på at Ålesund kommune prioriterer dette arbeidet, seier Skrede.

(saka held fram under)

Tom anker skrede foto marius
REISELIVSSJEF: Dagleg leiar Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesun d& Sunnmøre. Foto: Marius Rosbach

– Kva konsekvensar fekk det at stillinga var vakant?

– Konkrete konsekvensar kjenner eg ikkje til. Så var det ei spesiell tid med korona, men eg veit det ikkje har vore så lett å kome i kontakt med dei næringskontaktar som ein skulle ønskje frå frå kommunen, seier Skrede, som altså ønskjer Remme velkomen tilbake i kommunen.

– Det er viktig at kommunikasjonen mellom næringslivet og kommunen til ei kvar tid er god, at næringslivet får ein person som er ute og lyttar og kan ta med signal tilbake, og at kommunen kan sende signal om utvikling gjennom næringssjefen.

Bindeledd
Dagleg leiar Per Erik Dalen i Ålesund Kunnskapspark AS seier til NETT NO at han ikkje vil spekulere i kva konsekvensar det fekk at kommunen var utan næringssjef i eitt år, men vel å sjå det positive i at Inger Synnøve Remme er tilbake.

– Ein stor kommune som Ålesund, med mykje næringsliv, bør ha ein person i kommunen som kan vere bindeledd mellom næringslivet og kommunen, og oss rundt som jobbar opp i desse systema. Det vert kjekt å samarbeide med henne, og vi er glade ho er tilbake, seier han.

– Avgjerande for regionen
Administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen har mykje godt å seie om Remme etter å ha lært henne å kjenne gjennom dei to åra ho har vore i næringsforeininga.

– Ho er både arbeidsom, konkret og konstruktiv person å samarbeide med. Det er positivt at ho er tilbake i kommunen, for vi treng denne typen ressursar for å få til endå betre samarbeid. Det er avgjerande for regionen.

Solheim var også skeptisk då ho fekk høyre at stillinga skulle stå vakant i eitt år. Næringssjefen vart, som Solheim trudde, sakna.

– Vi merka det. Då måtte vi ta grep og vere i kontakt med og ha relasjonar med andre. Det har også vore konstruktivt, men det er mykje meir rasjonelt å ha eitt kontaktpunkt, seier Solheim.

Lene trude solheim foto marius
ÅLESUND: Administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen. Foto: Marius Rosbach

Ho legg til at dei i mellomtida har hatt fleire møter og konstruktiv dialog med kommunalsjef for samfunn, Malin Piegsa, og har planar om ytterlegare samarbeid.

I tida framover håper Solheim samarbeiet mellom ulike aktørar for å realisere nokre av punkta i handlingsplanen vil kome i gang att.

– Vi har forventningar om at det skal skje fleire konkrete og konstruktive ting.

Publisert: 19.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 19.08.2022 00:31

Mer om