Ola Kvalheim Ode sjef på anlegg i Alida i Volda foto Ogne
JA TIL NYTT ANLEGG: Ode-sjef og medeigar Ola Kvalheim på selskapet sitt anlegg ved Alida i Volda. No har selskapet fått løyve til eit nytt anlegg lenger inne i fjorden.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Klarsignal for nytt anlegg

Torskeoppdrettselskapet Ode får starte nytt anlegg i Volda.

04.10.2023

Det nye anlegget skal ligge mellom Folkestad og Straumshamn i Volda. Dette er den sjette lokaliteten til Ode. Målet er å anlegget i drift i løpet av neste år, seier talsmann Falk D. Øveraas i Ode.

Les vedtaket i Fiskeridirektoratet her

Med alle lokalitetane i full produksjon vil Ode kunne levere 25.000 tonn oppdrettstorsk kvart år. I år ventar selskapet å slakte 4000 tonn, neste år 15.000 tonn og i 2025 25.000 tonn, ifølgje Øveraas.

Ode-anlegget som ligg nærast det nye anlegget ligg ved Alida i Volda, lenger ute og på nordsida av fjorden.

"Vi ser tydelige fordeler av å ha flere lokaliteter på Sunnmøre med tanke på synergier. Den nye lokaliteten vil driftes i tett samarbeid med resterende lokaliteter i samme region" seier administrerande direktør Ola Kvalheim i Ode i ei pressemelding.

Hittil har Ode slakta ut tre generasjonar torsk.

Ode as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt6,31,9
Driftsresultat-33,9-1,5
Resultat før skatt-41,2

-2,9

Publisert: 04.10.2023 10:27

Sist oppdatert: 04.10.2023 10:32

Mer om