277166542 4912668138846937 4621568141387090334 n
EMISJON PÅ 30 MILLIONAR: Leiv Kåre Johannessen er ein av Terp-grunnleggarane. Her er han på Investormatch-arrangementet i Ålesund i dag. Foto: Anne Marthe Vestre Berge
Nytt

Klekte ut gründeridé i Ålesund

Grunnlaget for undervisningselskapet blei lagt på NTNU i Ålesund. Satsinga skjer i Søraust-Asia.

Leiv Kåre Johannessen og Magne V. Aarset starta utviklinga for undervisningselskapet på NTNU i Ålesund. Onsdag presenterte dei seg for investorar på Investormatch i Ålesund.

Målet no er å få inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital for Terp, som tilbyr digitale og persontilpassa lærebøker og læremiddel.

Selskapet har hatt kapitalutvidingar tidlegare, men dette er den klart største, fortel dagleg leiar Leif Kåre Johannessen.

Så langt er selskapet over halvvegs mot målet, med tilsagn frå investorar som vil gå inn med 16 millionar kroner. Presentasjonen på Investormatch er ein av fleire arrangement dei skal delta på i samband med kapitalutvidinga.

Marknadsføring og sal
Pengane frå kapitalutvidinga skal først og fremst finansiere auka innsats i marknadsføring, sal og oppfølging av kundane.

Det er Søraust-Asia som hovudmarknaden. Berre fire av dei Terp-tilsette arbeider i Noreg, resten i Asia.

Mannskap frå Filippinene er viktig for den internasjonale skipsflåten og landet har eit omfattande utdanningstilbod til komande sjøfolk. Der er Terp inne, men Johannessen seier det er interesse for deira tilbod også i andre deler av undervisningsvesenet. I utgangspunktet kan teknologien brukast til undervisning frå barnehagen og livet ut.

Tok i bruk abonnementsløysing
Johannessen fortalde at inntektene skaut i veret siste halvdel i fjor, etter at dei tok i bruk abonnementsløysinga i fjor.

Selskapet bruker markanden i Filippinene som springbrett, og seinare siktar dei seg inn mot Malaysia og Singapore.

Neste milepel er ein million amerikanske dollar i gjentakande inntekter per år.

Samlar gründerar og investorar
Investormatch er eit arrangement for å samle investorar og gründerar/vekstbedrifter på jakt etter kapital.

Det er Åkp og Nordea som er arrangør og dagens arrangement er det første etter at koronarestriksjonane vart oppheva.

Publisert: 23.03.2022 15:11

Sist oppdatert: 23.03.2022 15:42

Mer om