Kleven ferdig med to av tre ombyggingar
Reiarlaget angrar ikkje på at dei blei overtald til å legge prosjektet til Norge.
Green Yard Kleven har no fullført og levert to ombyggingsprosjekt for den brasilianske reiaren Oceanica.
Begge skipa er bygd om frå forsyningsfartøy til avanserte offshorefartøy for ROV- og kranoperasjonar, og eit tredje ombyggingsprosjekt er undervegs, ifølgje ei pressemelding frå verftet i Ulstein.
Større interesse for gjenbruk
Skipa er i stor grad bygd ved hjelp av gjenbrukt utstyr og fokus på berekraft etter ønske frå reiarlaget.
-Det er også ei økonomisk oppside ved gjenbruk av utstyr for både reiar og verft, samtidig forbetrar det prosjektet si miljøpåvirkning og fotavtrykk betydeleg. Vi opplever ei aukande interesse for denne typen prosjekt i tillegg til hybridisering og andre energieffektive system som kan ettermonterast, uttaler Karl Johan Barstad som leiar salsarbeidet på området ved verftet.
Råda til å bygge om i Norge
Ombyggingane på dei to skipa har vore like, og er utført i samarbeid med skipsreiar Oceanica og designselskapet Marin Teknikk i Herøy.
- Då Oceanica møtte oss sist sommar for å få tegna om båtane dei hadde kjøpt, så tenkte dei i utgangspunktet å utføre sjølve ombyggingsjobbane i Brasil. Sett i lys av den korte tida dei hadde på å få utført arbeidet, samt utfordingar med logistikk av diverse utstyr, anbefalte vi på det sterkaste at prosjekta blei gjort på verft i Norge, fortel Rickard K. Gjerde som er salssjef og sjefingeniør i Marin Teknikk.
- Er svært godt fornøgd
Green Yard Kleven har bygd nye messanindekk for operasjon av miniubåtar, sokalla ROV system, med tilhøyrande kontrollrom og kontor for operatørane på begge skipa.
Vidare er innreiinga på dei to skipa utvida med ekstra kapasitet for mannskap, utvida messe, møterom, gym og kontorfasilitetar.
-Reiaren har uttrykt at dei er svært godt fornøgd med samarbeidet mellom Green Yard Kleven, Marin Teknikk og DNV, samt nærheita ein har til alle utstyrsleverandørane her i området i den maritime klynga vår, legg Gjerde til.
Publisert: 16.03.2023 15:11
Sist oppdatert: 16.03.2023 15:16