Hans Jørgen Fedog Green Yard Kleven
I PLUSS: Hans Jørgen Fedog og Green Yard Kleven med grøne tal i 2021. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Green Yard Kleven i pluss

Satsar stort på resirkulering, men nybygg stod for mesteparten av innteninga i fjor.

15.06.2022

I sitt første heile driftsår med nye eigarar gjekk Green Yard Kleven med pluss i fjor.

Omsetninga kom opp i 504,7 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 11,2 millionar.

Dette går fram av årsrekneskapen, som no er klar.

Green Yard Kleven
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 504,7 57,7
Driftsresultat 10,8 -1,7
Resultat før skatt 11,2 -2,1

Ni millionar frå resirkulering
404 millionar kroner av omsetninga på 504 millionar kom frå nybygg. I desember i fjor overleverte selskapet havvindskipet Rem Energy til Rem Offshore, etter at Green Yard Kleven bygde om skipet frå eit supplyskip.

I ettermarknaden hadde Green Yard Kleven inntekter på 76 millionar kroner, medan berre ni millionar kroner kom frå resirkulering.

Solstad-avtale
Men innanfor resirkulering har selskapet fått ei rekke nye oppdrag, blant anna skal dei to Green Yard-verfta resirkulere sju tidlegare Solstad-skip.

Selskapet hadde ved årsskiftet ein eigenkapital på 8,2 millionar kroner og null i langsiktig gjeld.

Antal årsverk ved årsskiftet var 77.

Dagleg leiar Hans Jørgen Fedog frå Flekkefjord eig 33,3 prosent av selskapet gjennom Green Yard Group. Resten av aksjane er fordelte mellom investorar på Sørlandet.

Publisert: 15.06.2022 09:07

Sist oppdatert: 15.06.2022 09:30

Mer om