Green Yard Kleven montasje Karl Johan Barstad foto Marius Rosbach 11
BYGD OM FOR ANDRE GONG: Skipet CF Aurora blir bygd om for andre gong ved Green Yard Kleven i løpet av kort tid. Bustadmodulen og krana er montert av, og blir lagra for seinare prosjekt, fortel salsleiar Karl Johan Barstad ved Green Yard Kleven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bygger om skip for andre gong

Gjenbruk blir meir aktuelt for flere. – Den største jobben er gjerne å få reiaren til å tenke tanken, seier salssjef på Green Yard Kleven.

Marius Rosbach
05.12.2022

Ved Green Yard Kleven-verftet har dei bra med oppdrag for dei tilsette til over påske og fram mot sommaren. Det kunne salsleiar Karl Johan Barstad ved Green Yard Kleven fortelje då NETT NO var på verftet før helga.

For tida har dei tre ombyggingsoppdrag til kai, der alle skipa skal byggjast om for det brasilianske reiarlaget Oceanica til bruk i offshoremarknaden. Snart kjem det også eit fjerde skip som skal byggjast om for ein anna kunde i Brasil.

– Fleire båtar som vi jobbar med er båtar som låg an til å bli hogd opp for nokre år sidan, fortel Barstad.

Det gjeld vel å merke ikkje Oceanica-båtane. Ein båtane, CF Aurora, har Kleven-verftet inne til ombygging for andre gong.

Det Marin Teknikk-designa skipet er tidlegare bygd om til havvindmarknaden for eit nederlandsk reiarlag. No skal også dette fartøyet til oljeserviceoppdrag på kysten av Brasil.

Vi har presentert prosjekt for kundar som aldri har tenkt på dette tidlegare
Karl Johan Barstad
Green Yard Kleven resirkulering foto Marius Rosbach 11
RESIRKULERING: Green Yard Kleven har satsa på resirkulering som eit nytt forretningsområde dei siste åra. Høgare råvareprisar gjer at gjenbruk av stål og delar blir meir aktuelt for større delar av skipsbransjen. Foto: Marius Rosbach

Fleire fordelar med gjenbruk
Med høge stålprisar og utfordringar i forsyningslinjene, er ombygging eit alternativ for fleire typer tonnasje. Kort leveringstid, rimeleg pris og gunstig CO2-avtrykk er mellom fordelane ved gjenbruk, fortel Barstad.

– Vi har presentert prosjekt for kundar som aldri har tenkt på dette tidlegare. Den største jobben er gjerne å få reiaren til å tenke tanken, seier Barstad.

Han fortel korleis dei kan ta innreiinga frå ein båt til ein anna, eller store kranar som kan få fleire tiår lengre levetid, om bord på nye skip.

– Veldig mykje er teke frå båtar som vi har fått inn tidlegare, fortel Barstad.

Også gangvegar og maskindelar blir brukt opp att. Ein rekke thrusterar har fått nytt liv hos serviceavdelinga til Kongsberg Maritime tvers over bukta.

Har bygd om skip til seismikk og havvind
For nokre år sidan hadde Kleven-verftet ein boom med resirkulering av skip frå den norske offshoreflåten. No er det stopp i den delen av marknaden. I staden er det no etterspurnad frå oljeservice i Brasil. Og kundane vel å gjere jobben i Norge, sjølv om dei må betale meir for den.

I ein av dei store hallane står ein stor skipsseksjon som tilhøyrer Magseis Fairfield. Den var tidlegare om bord på Olympic Taurus.

– Det er eit stort oppdrag, der vi har vi løfta seismikkmodulen på land, også skal den på ein ny båt til neste sesong, fortel Barstad.

Tidlegare i år har verftet mellom anna levert to ombyggingar til havvindmarknaden.

Karl Johan Barstad Green Yard Kleven robotlinje foto Marius Rosbach 11
ROBOTLINJE: Bak Karl Johan Barstad er robotlinja som verftet nytta til å bygge to Hurtigruten-skip. No er linja ikkje i bruk, men salsleiaren håpar verftet snart igjen kan bygge heile nye skrog ved verftet. Foto: Marius Rosbach

Tapar ofte nybygg til Tyrkia
Green Yard Kleven satsar framleis både på ombygging, reparasjon og nybygging. Sjølv i yachtmarknaden blir det jobba med «veldig konkrete ting», men ingenting er signert enno, påpeiker Barstad.

Trass i at det har vore langt mellom kontraktane til norske verft – utanom Vard – har salsleiaren trua på at nybygga kjem tilbake.

– Vi leverer tilbod og ser at vi nærmar oss, men det manglar gjerne nokre prosent samanlikna med prisane frå Tyrkia. Difor siktar vi no mest mot reiarar som har uttalt at dei gjerne vil bygge i Norge, seier Barstad.

Det manglar gjerne nokre prosent samanlikna med prisane frå Tyrkia
Karl Johan Barstad
NETT NO omtala før helga korleis fleire oppdrag til havbruksbransjen nyleg er sett på vent.

– Vi har rekna på ganske mange ombyggingar og nybygg til havbruk, men har fått beskjed frå kundane her, at bremsa er på, seier han.

Publisert: 05.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 04.12.2022 21:54

Mer om