Karl Rosén - Daniel Herde foto Marius Rosbach 11
HORDALAND TINGRETT: Søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft blir avslutta torsdag. Her er advokatane Karl Rosén og Daniel Herde frå dei saksøkte sin side. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kleven-søksmålet: Meiner buet har bomma på jussen

Dei saksøkte avviser heile grunnlaget for erstatningskravet mot tidlegare verftseigar.

Marius Rosbach
16.11.2023

Konkursbuet har saksøkt den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak for tap han påførte Kleven etter at han overtok som eigar av verftet våren 2020. I prosedyren sin i dag avviser Debeljak sine advoktar at det i det heile er grunnlag for å gå til sak.

Forsikringsselskapet Tryg er også saksøkt i saka ettersom dei hadde styreansvarsforsikring for kroaten. Erstatningsbeløpet mot forsikringsselskapet er avgrensa til 30 millionar kroner.

I starten av sitt avslutningsføredrag tok Karl Rosén føre seg det juridiske grunnlaget buet har gått til søksmål på.

– Det er ikkje interessant å diskutere skuld – om det ikkje er klarlagt om det ligg føre erstatningsvern. Alle interesser kan ikkje påføre ansvar, sa advokaten.

Det er ikkje interessant å diskutere skuld – om det ikkje er klarlagt om det ligg føre erstatningsvern
Karl Rosén

Set utfor feil hoppbakke
Buet ha teke utgangspunkt i aksjelova og meiner Debeljak har handla illojalt og påført Kleven tap.

Dei saksøkte sin advokat peika på at det lovverket gir erstatningsvern for, er det som blir omtala som selskapets fellesinteresse. Her inngår kreditorane sin «felles dekningsinteresse» – i søksmålet sitt tilfelle, bankane – berre éin av fleire delar. I tillegg kjem omsynet til dei tilsette, andre kreditorar og omgjevnadene, understreka Rosén.

– Men det er ikkje dette som er buet sin påstand, sa advokaten – og meiner at buet difor ikkje berre «bommar på hoppkanten» - men har sett utfor «feil hoppbakke», som han formulerte det.

Buet meiner styreleiaren sin oppførsel var uansvarleg, aktlaus og illojal mot verftet - og at han difor har pådrege seg eit erstatningsansvar.

Les meir om buet sin påstand under:

Bankane utløyste konkursen
Dei saksøkte viser vidare til at det viktigaste for Kleven Verft sommaren 2020, var å halde selskapet i framleis drift – og at det kunne ha vore eit grunnlag for erstatningsansvar.

– Men det er bankane sin avgjerd om å seie opp låna som fører til dette atomnedslaget, sa Rosén.

Advokaten meiner Debeljak ikkje har oppført seg aktlaus, slik buet hevdar, og at det var lite han kunne ha gjort annleis før det mykje omtala skjebnemøte 23. juni 2020.

Retten er tidlegare blitt fortalt korleis partane kom til møtet med svært ulike utgangspunkt. Medan bankane var uroa og ikkje opplevde å nå fram med si bekymring til den nye eigaren, oppfatta Div Group sine folk at dei skulle få presentere både seg sjølv og planane vidare for verftet.

Som kjent meiner buet at Debeljak under dette møtet «reiv ned all tillit» og «torpederte» eit pågåande byggeprosjekt ved verftet.

Tapsvurderinga held ikkje mål
Advokaten Rosén gjekk også i rette med korleis buet hadde rekna seg fram til kravet på 136 millionar kroner. Enkelt sagt er dette gevinsten verftet gjekk glepp av ved at byggeprosjektet ikkje blei gjennomført.

– Her plukkar buet ein eigedel dei likar og vel vekk resten. Det er ikkje haldbart, verken rettsleg eller reint faktisk, sa han.

I staden viste han til selskapsverdien som det naturlege utgangspunktet for eit eventuelt krav.

– Kvifor er ikkje buet interessert i det? Vel, det er nok ikkje grunnlag for å få eit spennande tal, var Rosén sitt svar på spørsmålet.

Han viste til at mange forhold tyder på at verdien av Kleven-selskapa var låg, men at den uansett var intakt fram til tidspunktet då Debeljak kunne ha oppført seg annleis.

Dei saksøkte held fram med sitt avslutningsføredrag etter lunsj.

NETT NO følgjer saka

Publisert: 16.11.2023 13:07

Sist oppdatert: 17.11.2023 01:26

Mer om