Etter at Kleven 16. oktober drog i land ein milliardkontrakt med Maersk Supply Service har det vore klart at utstyrsindustrien kan sjå fram til oppdrag for fleire milliardar kroner. Kleven skal bygge minst seks store ankerhandteringsfarty for Maersk-selskapet.
I beste fall kan det bli snakk om oppdrag til underleverandørane for over fem milliardar kroner.
- Mykje av det vi jobba med har vore "stang ut", seier Holstad.
I ein slik konkurransesituasjon må verfta halde prisen nede for å vinne oppdrag, og no ventar Holstad at også underleverandørane er med.
- Vi forventar at leverandørane også blir med på kostnadskutt, seier han.
- Når det er tøffare tider vil alle verte meir kreative, seier han.
Holstad trur ikkje Kleven sine forventningar om at underleverandørane må bidra til å gjere skipskontraktene lønsame kjem som noko overrasking på bransjen.
- Det er store svingingar, slik er det med denne næringa, seier han.
Resultatmarginen, som dette blir kalla, enda på 1,9 prosent ifjor, og prognosen for i år er på tre prosent. Det viser den årlege kartlegginga som Møreforsking gjer av tilstanden i den maritime klynga på Nordvestlandet.
Resultatfallet kan delvis forklarast med stort minus hos industrigiganten Rolls-Royce Marine i fjor, men speglar og at heile denne delen av den maritime klynga har fått det tøffare.
- Det ber preg av at utstyrsleverandørane opplever prispress, sa forskingsleiar Oddmund Oterhals i Møreforskning Molde då han la fram klyngeanalysen i september.
I beste fall kan det bli snakk om oppdrag til underleverandørane for over fem milliardar kroner.
Vil ha kostnadskutt
Salsdirektør Arve Holstad i Kleven seier konkurransen om å vinne kontrakter vart merkbart hardare for omlag eitt år sidan.- Mykje av det vi jobba med har vore "stang ut", seier Holstad.
I ein slik konkurransesituasjon må verfta halde prisen nede for å vinne oppdrag, og no ventar Holstad at også underleverandørane er med.
- Vi forventar at leverandørane også blir med på kostnadskutt, seier han.
Meir oppfinnsame
Erfaringa viser at det dukkar opp nye og smartare måtar å gjere ting på når bedriftene må stramme inn livreima, meiner Holstad.- Når det er tøffare tider vil alle verte meir kreative, seier han.
Holstad trur ikkje Kleven sine forventningar om at underleverandørane må bidra til å gjere skipskontraktene lønsame kjem som noko overrasking på bransjen.
- Det er store svingingar, slik er det med denne næringa, seier han.
Resultatfall
I fleire år har utstyrsleverandørane på Nordvestlandet oppnådd eit resultat før skatt på seks til åtte prosent av driftsinntektene.Resultatmarginen, som dette blir kalla, enda på 1,9 prosent ifjor, og prognosen for i år er på tre prosent. Det viser den årlege kartlegginga som Møreforsking gjer av tilstanden i den maritime klynga på Nordvestlandet.
Resultatfallet kan delvis forklarast med stort minus hos industrigiganten Rolls-Royce Marine i fjor, men speglar og at heile denne delen av den maritime klynga har fått det tøffare.
- Det ber preg av at utstyrsleverandørane opplever prispress, sa forskingsleiar Oddmund Oterhals i Møreforskning Molde då han la fram klyngeanalysen i september.
Vi forventar at leverandørane også blir med på kostnadskutt
Publisert: 28.10.2014 15:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38