Klimaendringane kan paaverke vasskvaliteten
DRIKKEVATN: Klimaendringane vil truleg føre til meir ekstremvêr dei neste åra. Drikkevasskjeldene våre er sårbare og meir ekstremvêr kan få konsekvensar for kvaliteten på drikkevatnet. 
Nytt

Klimaendringane kan påverke vasskvaliteten

Klimaendringane vil truleg føre til meir ekstremvêr dei neste åra. Drikkevasskjeldene våre er sårbare og meir ekstremvêr kan få konsekvensar for kvaliteten på drikkevatnet.

30.10.2020
NPK: – Verst moglege scenario for oss og sikkert for ein del andre vassverk er framveksten av giftproduserande bakteriar. Det har ikkje anlegget vårt moglegheit til å reinse vekk, og det kan potensielt føre til at vatnet ikkje kan brukast som drikkevatn, sa sivilingeniør Helene Nes frå Haugesund kommune under eit webinar i regi av Miljødirektoratet tysdag.
Nes var invitert til webinaret for å dele erfaringar frå ei klimarisikovurdering dei har gjennomført av råvassforsyninga si. Bakgrunnen for at dei gjennomførte ei slik vurdering var at kommunen i ein periode hadde sett ei negativ utvikling i vasskjelda. Nes peika under webinaret på at kommunen såg behov for å finne ut korleis vêr og temperatur i framtida ville påverke vasskjelda – slik at dei kunne planleggje investeringar på kort og lang sikt.

Såg på klimapåverking

– I klimarisikovurderinga vår såg vi på kva naturhendingar som hadde potensial til å påverke kvaliteten på vatnet, sa Nes.
Ho peika på at klimaendringane kan vere med å bidra til ein auke i framveksten av smitteframkallande organismar.
– Også høgare gjennomsnittstemperatur gir ein aukande vekst av visse parasittar, sa Nes.
Vidare trekte ho fram at ekstremvêr og flaum òg kan auke framveksten av uønskte parasittar i drikkevasskjeldene.

Råvasskvaliteten har ringverknader

Nes peika vidare på at ein har moglegheit til å reinse råvatnet dersom kvaliteten går ned, men at det er noko ein helst vil unngå.
– Det inneber auka brukt av kjemikaliar, auka produksjon av slam og drifta blir meir utfordrande.
– Det er i alle høve viktig å ha god beredskap på plass. Menneskeleg og teknisk svikt kan skje, og det er difor viktig å ha eit godt utgangspunkt for å handtere uventa ting, sa ho.

Publisert: 30.10.2020 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04