Terje Halleland innfelt erna solberg Foto Jon Olav Nesvold NTB NPK
SAKNAR INVITASJON: Energipolitisk talsperson for Framstegspartiet Terje Halleland saknar ein invitasjon til klimaforhandlingar med Erna Solberg (innfelt) og regjeringspartia. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK
Nytt

Klimamelding møter isfront

Eit breitt klimaforlik verkar usannsynleg og partia skuldar på kvarandre.

04.03.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): Forhandlingane på Stortinget om klimaplanen til regjeringa har framleis ikkje komme i gang. Partia skuldar på kvarandre.

Nesten to månader er gått sidan regjeringa la fram klimaplanen sin for 2021–2030.

Statsminister Erna Solberg (H) har sagt at ho ønskjer eit breitt fleirtal bak meldinga. Men ho har òg stadfesta at regjeringspartia vil snakke med Framstegspartiet først.

No vil Frp ha svar på kvar invitasjonen til forhandlingar blir av. Den energipolitiske talspersonen for partiet, Terje Halleland, seier han framleis ikkje har høyrt noko.

– Viss dei vel oss vekk og går til den andre sida, då blir vi veldig skuffa, seier han.

– Vi er den prioriterte forhandlingspartnaren. Så vi forventar at dei kjem til oss.

Undring hos Høgre
Energi- og miljøpolitisk talsperson for Høgre Stefan Heggelund er saksordførar for stortingsbehandlinga av klimameldinga. Han reagerer med undring på utsegnene frå Frp.

– Først går dei ut i avisene med det dei seier er heilt ufråvikelege krav, ferdig snakka. Så seier dei i media at dei ikkje vil snakke med oss i det heile. Og no har dei altså snakka med media igjen, denne gongen for å seie at dei blir skuffa viss vi ikkje snakkar saman, seier Heggelund.

– No må dei finne ut kva dei vil!

Heggelund viser til at Frp i byrjinga av februar gjekk ut med tre krav som i media vart framstilte som eit ultimatum til klimaplanen.

Så, berre nokre dagar seinare, gjekk nestleiar Sylvi Listhaug ut og sa at Frp ville slutte å forhandle separat med regjeringspartia. Ifølgje henne kjem partiet ikkje til å setje seg ned ved noko forhandlingsbord utover dei forhandlingane som skjer i sjølve stortingskomiteane.

Fakta om klimaplanen:

Regjeringa la fram klimaplanen for 2021–2030 i form av ei stortingsmelding 8. januar. Saka er no til behandling i Stortinget.

Hovudgrepet i klimaplanen er å auke CO2-avgifta til 2.000 kroner i 2030, opp frå rundt 590 kroner i dag.

Planen skal sikre eit kutt i utsleppa av klimagassar i såkalla ikkje-kvotepliktig sektor i Noreg på minst 45 prosent frå 2005-nivået innan 2030.

Det overordna målet for Noreg er å kutte utsleppa med 50–55 prosent frå 1990-nivået innan 2030 i samarbeid med EU.


Tre krav

Frp meiner i dag at Listhaugs utspel har vorte overtolka, og partiet har delteke i forhandlingsmøte utanom dei ordinære komitémøta fleire gonger dei siste vekene.

Det som likevel står fast, er dei tre krava partiet har til klimameldinga.

Det første er at Frp ikkje kjem til å akseptere at CO2-avgifta blir meir enn tredobla til 2.000 kroner i 2030. Denne avgiftsauken blir rekna som sjølve hovudgrepet i klimameldinga. I tillegg seier Frp blankt nei til opninga for fossilbilfrie soner i byane, og partiet gjer det klart at eit forbod mot sal av fossilbilar frå 2025 ikkje er aktuelt. Det siste har regjeringa heller ikkje foreslått.

– Eg trur det skal bli tøffe forhandlingar, seier Halleland.

SV ønskjer forlik
På venstresida sprikjer synspunkta. Medan Arbeidarpartiet har stempla klimaplanen som for svak, har Senterpartiet trekt den andre vegen og markert motstand mot fleire av tiltaka som blir foreslåtte.

SV meiner regjeringa bør ta initiativ til eit breitt klimaforlik.

– Framstegspartiet ønskjer å svekkje klimapolitikken. Så viss regjeringspartia held fast ved at det er Framstegspartiet dei skal forhandle med, så er det ei svekking som blir resultatet, åtvarar Lars Haltbrekken (SV).

Han karakteriserer det som «illevarslande» at regjeringspartia framleis ikkje har teke initiativ til breiare samtalar.

Svak kompromissvilje
På bakrommet seier politikarar frå fleire parti at eit breitt klimaforlik verkar usannsynleg denne gongen. Det er valår, og partia har lite å hente på å inngå smertefulle kompromiss no.

Heggelund kjenner uansett ikkje på noko hastverk. Han påpeikar at det framleis er tre veker til energi- og miljøkomiteen på Stortinget skal levere innstilling i saka.

Håpet er at det då vil avteikne seg ei så brei semje som mogleg.

– Men vi går alltid til Frp først. Dei er den naturlege samarbeidspartnaren vår, og det håpar eg at dei vil halde fram med å vere, seier Heggelund.

(©NPK)

Publisert: 04.03.2021 12:30

Sist oppdatert: 04.03.2021 12:28

Mer om