Kvifor har Nærings- og fiskeridepartementet brukt over eitt over på å handsame ei sak den underordna etaten Fiskeridirektoratet i juni 2024 brukte tre dagar på. Det skriv stortingsreprersentant Jenny Klinge (Sp) i eit spørsmål til fiskeri- og havministeren i Stortinget.
Saka gjeld Aker Biomarine sitt sal av ein andel av verksemda si til det amerikanske American Industrial Partners - det som no er krillfiskeselskapet Aker Qrill Company. I august i fjor stilte bransjeorganisasjoenn Fiskebåt spørsmål ved om salet gav American Industrial Partners den reelle kontrollen over Aker Qrill Company, i strid med deltaktarlova.
Sidan då har Nærings- og fiskerridepartementet (NFD) vurdert saka, og det gjer departementet framleis.
Skadeleg
Klinge meiner den lange saksbehandlingstida er skadeleg av fleire grunnar.
«Direktoratet si raske handsaming sett opp mot departementet si lange handsamingstid gir grunn til bekymring for dei av oss som er opptekne av å sikre norske interesser i krillfisket. Slik eg vurderer saka, er det grunn til å frykte at denne noko merkelege prosessen kan vera til ulempe for andre norske krillinteressentar. Uavhengig av kva konklusjon departementet kjem fram til, er både direktoratet og departementet si handsamingstid kvar på sitt vis uheldig. Det reiser spørsmål om kvaliteten på direktoratet si handsaming. Samstundes er det uforståeleg for meg at departementet har drege ut sakshandsaminga så mykje, gitt sakas innhald og problematikken kring deltakarlova, samt at både eg og andre stortingsrepresentantar har etterlyst politiske vurderingar kring saka og problematikken frå NFD i mange månader allereie», skriv Klinge i grunngjevinga for spørsmålet.
Ho meiner tidsbruken er «uforståeleg» og skriv mellom anna at "Så seint som i juni i år sendte departementet fleire spørsmål til advokatane til det som no heiter The Qrill Company. Svarfristen var så lang som til den 5. september."
Ikkje på alvor
Både Klinge og andre stortingrepresentarar har tidlegare stilt spørsmål ved sakshandsaming og fremdrifta i departementet si vurdering av salet til American Industrial Partners.
No meiner Klinge av tidsbruken tyder på at fiskeri- og havministeren ikkje tek saka på alvor.
«Det framstår som om NFD ikkje har teke saka på alvor når dei no mellom anna har venta i trekvart år med å stille spørsmål som burde vore stilt tidleg i prosessen, og når det attpåtil ligg føre ein så lang svarfrist», skriv Klinge i grunngjeving for spørsmålet til fiskeri- og havministeren.
Publisert: 08.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 07.09.2025 23:09






