Knallstart for Fosnavaag hotell
HOTELLSTART: Regiondirektør Christian Kahrs i Thon Hotels og bookingansvarleg Monica Bjørhovde er storleg fornøgde med starten for Thon Hotel Fosnavåg.
Nytt

Knallstart for Fosnavåg-hotell

Åtte båtdåpar bestilte, julebordsesongen må utvidast og 50 gjestar alt første dagane. Det opna godt for nyehotellet i Fosnavåg. 

13.10.2014
- Det ser nesten betre ut enn forventa. Alt første dagen har vi 40-50 gjestar, og nye bestillingar strøymer på, seier bookingansvarleg Monica Bjørhovde ved Thon Hotel Fosnavåg.
Gjennom selskapet Fosnavåg Vekst har offshorereiarane Per Sævik og Stig Remøy bladd djupt i lommeboka for å gi Fosnavåg eit skikkeleg hotelltilbod. Dei eig 90 % av selskapet, medan Olav Thon eig resten gjennom Thon Hotels.
Totalt kostar satsinga rundt 350 millionar kroner.

Kombiløysing

Regiondirektør Christian Kahrs i Thon Hotels har god tru på satsinga.
- Folk må ta ein sving for å kome hit til Fosnavåg, men det trur eg dei også vil gjere. Dei har i alle fall god grunn til det.
Han seier at det er unikt at så mykje er samla på ein stad.
- Her har ein eit førsteklasses konferansehotell kombinert med ein fantastisk konsertsal, like fantastisk kino og det som truleg er det beste offshore simulatorsenteret i verda.
- I tillegg ligg hotellet naturmessig fantastisk plassert.

Kikert-suiter

Kahrs tek oss med opp til ei av av dei seks store suitene på toppen av hotellbygget. Her ligg det kikertar på roma.
- Her har ein direkte utsikt til fuglefjellet på Runde, og kan følgje med på fuglelivet. Betre kan det knapt verte.
Interiøret ber preg av å vere eit Thon-hotel.
- Det er Thon sine eigne interiørarkitektar Sidsel Berdal og Trond Ramsøsskar som står bak designet. Her finn ein att dei typiske Thon-fargane, men her er det også lagt stor vekt på å inkludere hotellet i naturen rundt.

Satsar på konferanse

Totalt har hotellet 115 rom. Der er restaurant med sitjeplassar til 220, to selskapslokale, fire konferanserom og seks møtesuiter.
Kahrs seier at ein satsar spesielt mot konferansemarknaden.
- Ja, dette vert eit svært godt alternativ innanfor konferansemarknaden. Men i tillegg vil vi ha ein fast base med gjestar som er tilknytte kursverksemda til offshore simulatorsenteret.
- Eg er sikker på at denne satsinga er rett, ikke berre for Fosnavåg, men for heile Sunnmøre.

Engasjert Olav Thon

Han seier at Olav Thon sjølv er sterkt engasjert i prosjektet.
- Ja, dette er noko han er veldig opptatt av. Han kjem sjølv til den offisielle opninga 13. oktober.
Bookingansvarleg Monica Bjørhovde seier at hotellet allereie er vekkbestilt til seks båtdåpar.

Utvidar julebordsatsinga

Også juleborsesesongen ser lovande ut.
- Vi tenkte først å ha julebord berre fredagar og laurdagar. Men pågangen har vore så stor at det no vert julebord også tordagar og søndagar.
Ho opplyser at hotellet også er bestilt til ei rekkje andre arrangement.
- Det ser bra ut. Om fortsettelsen vert like bra som starten, kjem dette til å gå veldig bra, seier Bjørhovde, som er frå Ålesund, men som no har busett seg i Fosnavåg.
Eg er sikker på at denne satsinga er rett, ikke berre for Fosnavåg, men for heile Sunnmøre

Publisert: 13.10.2014 17:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38