Leinebjørn Rune Paulsen
SUPERTYSDAG: Leinebjørn var mellom tre Herøy-båtar som fekk god kolmulefangst tysdag denne veka. Arkivfoto: Rune Paulsen
Nytt

Knallstart for sunnmørsbåtar

Sju båtar har fiska kolmule for 80 millionar på ei veke.

Marius Rosbach
08.02.2024

Kolmulefiske er i full gong og ein rekke båtar frå Sunnmøre er mellom dei som er i sving.

Fangstjournalane frå Sildelaget viser at båtane frå regionen har fiska kolmule for kring 80 millionar kroner i løpet av den siste veka.

Etter at det berre var meldt inn 4000 tonn veka før, har det vore fiska betydeleg meir den siste veka. Berre båtane frå Sunnmøre har fått i overkant av 20.000 tonn kolmule dei siste sju dagane.

– Det har vore bra fiske for dei båtane som har starta. Dei har fått lasta båtane på rimeleg kort tid, så slik sett har det vore positivt, fortel salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag til NETT NO.

Det har vore bra fiske for dei båtane som har starta
Kenneth Garvik

Meir verdt tidleg i januar
Ein snittpris på i underkant av fire kroner kiloen, gir ein verdi på fangsten frå sunnmørsbåtane på kring 80 millionar kroner.

Den siste oppdaterte snittprisen hos sildesalslaget er på 4,10 kroner kiloen, men det er basert på fangst i januar. Truleg er prisen litt lågare for fisken som er levert siste veka.

– Kolmula har meir fiskeolje og fett i seg tidleg i januar, som gir eit påslag i prisen, fortel Garvik.

Uver har påverka fiske den siste tida. Likevel skjer kolmulefiske så langt til havs, at dei til eksempel i stor grad gjekk klar av stormen Ingunn. Det gjer også at det er betydelege avstandar for å levere fisken.

Christina E først i gong
Fleire båtar frå Herøy-flåten er mellom dei som er i gong og Christina E fekk 2000 tonn kolmule allereie førre veke. Båten var samtidig den første til å teste elektronisk innmelding frå feltet.

Laurdag meldte Kings Bay om fangst på 2300 tonn, medan Gunnar Langva frå Brattvåg og Sæbjørn på Vartdal i Ørsta fekk høvesvis 2100 og 1500 tonn søndagen.

Måndag kom den største fangsten so langt på 2500 tonn om bord på Sunny Lady. Tysdag kom storfangstene på rad då Herøyhav melde om fangst på 2050 tonn, Leinebjørn 1700 tonn og Smaragd 2050 tonn.

Også Rogne er i gong og fekk 1920 tonn kolmule førre veke. Onsdag denne veka melde dei inn nye 515 tonn.

Publisert: 08.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 07.02.2024 23:34

Mer om