Fv salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag Vidar Landmark spesialrågdivar Nærings og fiskerdepartementet pelagisk arena foto Ogne
Salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalslag (t.v.) og spesialrådgivar Vidar Landmark i Nærings- og fiskeridepartementet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Gjekk glipp av minst 170-180 millionar kroner

Fiskarane fekk ikkje fiska all makrellen dei kunne i fjor.

10.01.2024

Norske fiskarar fiska omlag minst 10.000 tonn mindre makrell enn dei kunne i fjor, seier salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag.

Det utgjer ei tapt inntekt på 170-180 millionar kroner i 2023, ifølgje Garvik.

2023 var eit rekordår for Norges Sildesalgslag og fiskarane som sel fangsten sin gjennom Norges Sildesalgslag, men for makrell kunne uttellinga vore enda større fotalde Garvik i sitt innlegg på Pelagisk Arena-konferansen i Ålesund i dag.

Konferansen har samla over 300 aktørar som driv med fangst- og foredlings av sild, makrell, kolmule og andre pelagiske fiskeslag.

Fann ikkje fisken
I 2023 hadde Noreg og Storbritannia ein avtale som sikre norske fiskarar ein rett til å ta omlag 60 prosent av kvota si i britiske farvatn.

Mot slutten av året, då innspurten i makrellfisket skulle settast inn var det lite fisk å finne i norske farvatn og andelen som kunne fiskast i britisk farvatn var allereie fiska. Dermed greidde fleire reiarlag ikkje å fiske minimumsnivået av makrellkvoten si.

Dei norske makrellkvotane er fleksible. Fiskarane kan fiske 10 prosent meir av årskvoten sin mot å fiske tilsvarande mindre året etter. Fiskar dei 90 prosent av årskvoten kan dei siste 10 prosent fiskast året etter.

Ingen avtale
Makrell, kolmule og sild er fiskeartar som finnes i fleire land rundt Nord-Atlanteren sine økonomiske soner. Det er Noreg, EU, Storbritannia, Færøyane, Island, Grønland og Island.

Sidan 2015 har det ikkje vore noko felles avtale som omfattar alle artane og alle landa. For makrell har det aldri vore ein slik avtale, seier spesialrådgivar Vidar Landmark i Nærings- og fiskeridepartementet. Han var ein av innleiarane på konferansen, og arbeider med internasjonale fiskeriavtalar i departementet.

Mangelen på felles avtalar har gjort alt alle land fiskar meir enn det havforskarane tilrår. Det har skjedd utan at bestandane av sild, makrell og kolmule har blitt truga, inntil sildestammen no er på veg nedover.

Det er fleire faktorar som påverkar storleiken på fiskebestandane, men på lengre sikt vil eit overfiske gi mindre avkastning og lågare inntekt, ifølgje Landmark. Det ideelle ville difor vere ein avtale om alle fiskeslaga og mellom alle land rundt Nord-Atlanteren, men det har det altså ikkje vore nok som liknar på sida 2015.

Publisert: 10.01.2024 14:25

Sist oppdatert: 10.01.2024 14:27