Kinn IKKE GJENBRUK foto ntb
KNAPT FLEIRTAL: Dåverande statsminister Erna Solberg på valkampturné i Florø i 2019. No meiner eit knapt fleirtal at kommunen skal bestå – medan nesten like mange vil at den skal delast opp igjen. Foto: Heiko Junge/NTB/ NPK
Nytt

Kommunestyret avgjer i Kinn

Fintelling måtte til for å stadfeste resultatet av folkerøystinga.

02.09.2022
(NPK-NTB): Oppteljinga folkeavstemminga om Kinn kommunes framtid er stadfesta: Det er fleirtal for å behalde «Noregs raraste kommune». Berre 44 stemmer skilde.

Det mellombelse resultatet vart så jamt at det vart vedteke ei finteljing fredag. Klokka 12 vart resultatet godkjend av valstyret i kommunen.

«Noregs raraste kommune»
I folkeavstemminga har innbyggjarane altså teke stilling til om Vågsøy og Flora skal gjenoppstå som eigne kommunar.

Dei to kommunane vart frivillig slått saman i 2020. Kinn har vorte omtalt som «Noregs raraste kommune». Flora og Vågsøy deler ikkje kommunegrense, men ligg på kvar si side av Bremanger – som ikkje ønskte å bli slått saman med naboane.

3.427 personar røysta for oppløysing, medan 3.471 stemde for at kommunen skal leve vidare, viser oppteljinga frå Kinn kommune. I prosent blir det eit knapt fleirtal på 49,14 prosent mot 48,52 prosent. Det endelege resultatet omfattar også
førehandsstemmene. Litt over halvparten av dei stemmeføre stemde.

Kommunestyret avgjer
Folkeavstemminga er berre rådgivande. Kinn kommunestyre skal behandle tilrådinga til innbyggjarane på eit møte 7. september.

Ordførar Ola Teigen medgir at saka ikkje er lett.

– Det er vanskeleg. Det er ingen som har fått fleirtal, faktisk. Det er under 50 prosent på ja- og neisida. Rådet er ikkje spesielt tydeleg i alle fall, sa han til NRK torsdag då det førebelse resultatet var klart. Fasiten fredag vart nøyaktig den same – 49 mot 48 prosent. Men no ber ordføraren om ro.

– No er folkeavstemminga over, det vart eit knapt fleirtal for Kinn kommune, og no er det opp til oss politikarar i kommunestyremøtet onsdag å treffe ei avgjerd på bakgrunn av rådet frå folket i Kinn, seier Teigen til Firdaposten.

(©NPK)

Publisert: 02.09.2022 13:49

Sist oppdatert: 02.09.2022 14:02

Mer om