Kongsberg Gruppen selde i fjor styremaskin- og rorverksemda til konsernet.
Det er eit fond etablert av investeringsselskapet Norvestor som kjøpte verksemda, som har hovudaktiviteten sin i Brattvåg og no er eit eige selskap, Neuver Martime.
Då salet vart offentlegjort i fjor ville ikkje partane opplyse prisen, men etter at transaksjonen vart formelt gjennomført i første kvartal i år fortel Kongsberg Gruppen at prisen var 1,53 milliardar kroner.
Det gir Kongsberg Gruppen ein gevinst på 1,043 milliardar kroner, ifølgje kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025.
Les børsmelding her (ekstern lenke)
Skilt ut og kjøpt
Kjøpet av det som i dag er Neuver Maritime, skjedde ved at deler av verksemda i Kongsberg Maritime (eit datterselskap i Kongsberg Gruppen) vart skilt ut, og etablert som eit eige selskap. Det blei i sin tur tatt over av Norvestor-fondet.
I eit intervju med Nett No i februar sa Neuver Martime-sjef Jan Terje Aakre at selskapet då hadde 160 tilsette.
Kraftig vekst
Veksten frå i fjor held fram for Kongsberg Maritime i første kvartal 2025.
Ordreinngangen i kvartalet blei 8787 millioner kroner, opp 43 prosent samanlikna med i fjor. Det er utstyr og teknologi til offshorefartøy som står for den største andelen av ordreinngangen i første kvartal (22 prosent), med utstyr og teknologi til LNG- fartøy på andreplass (20 prosent).
Inntektene er opp 25 prosent samanlikna med første kvart i fjor (sjå tabell under).
Ordrereserven er på 24,7 milliardar kroner, der 52 prosent av den er oppdrag som skal leverast i 2026 eller seinare.
Maritime størst i konsernet
Med avdelingar på Longva, Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik er Kongsberg Maritime ein av dei større private arbeidsgivarane på Nordvestlandet. Dei er også eit internasjonalt selskap med tilsette verda over.
Kongsberg Maritime er ein del av den børsnoterte Kongsberg Gruppen, der staten er største aksjonær. Målt i driftsinntekt er Kongsberg Maritime det største datteselskapet i konsernet.
Kongsberg Maritime leverer både til nybygg og til reparasjon/vedlikehald/ombyggingsmarknaden, også kalla ettermarknaden. Ettermarknaden sto for 57 prosent av inntektene i første kvartal.
| Kongsberg Maritime | ||
| Pr. 1.kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 6743 | 5402 |
| Driftsresultat | 919 | 753 |
| Ordreinngang | 8787 | 6157 |
| Ordrereserve | 24680 | 22800 |
| Kongsberg Gruppen ASA | ||
| Pr. 1. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 14622 | 11450 |
| Driftsresultat | 2892 | 1463 |
| Resultat før skatt | 2916 | 1433 |
Publisert: 08.05.2025 09:01
Sist oppdatert: 08.05.2025 22:11






