Konkurs for forskingsenter
Måløy Marine ressurssenter skulle vekse til eit forskingsinstitutt med 35 tilsette. No har det meldt oppbod.
Det er styret i Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter som har gått til skifteretten og bedt om at det blir opna konkurs i stiftinga.
Gjelda er på 2,48 millionar kroner medan verdiane i stiftinga er på 1,8 millionar. Betalingsvanskane til stiftinga er ikkje forbigåande, heiter det i kjennelsen frå retten.
Reknskapen for 2021 viser 5,8 millionar kroner i inntekter og eit underskot før skatt på 0,8 millionar kroner. Ved inngangen til 2022 var stiftinga sin bokførte eigenkapital blitt negativ. I 2020 var underskotet to millionar kroner.
Optimisme
– No kan vi gå i gang med å skapa eit marint forskingssenter i Sogn og Fjordane. Eit slikt senter vil skapa mange attraktive arbeidsplassar, eit meir variert arbeidsliv og eit levedyktig samfunn på kysten.
Det sa dagleg leiar Randi Humborstad i næringsutviklingsselskapet Måløy Vekst og dåverande dagleg leiar i stiftinga, Roger Bergset, i ei felles pressemelding i 2018 etter at fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å løyve 15 millionar kroner til Måløy Marine Ressurssenter.
Rekruttere
Ifølgje nettsida til Måløy Marine Ressursenteret skulle senteret mellom anna medverke til å rekruttere høgt utdanna folk til Måløy.
Dette fortel nettsida: "MMR skal skape et marint forskningsmiljø for effektiv næringsrelevant forskning med høy nytteverdi. MMR skal skape langsiktig rekruttering av høyere kompetanse innen marin sektor og bidra til verdiøkning i fiskeri- og havbruksnæringen. MMR skal samarbeide tett med Måløy vidaregåande skule som har fylkesdekkende linjer for utdanning innen fiskeri- og havbruk, og som har blitt tildelt en undervisningskonsesjon for oppdrett av laks og ørret, driftet av Marine Harvest."
Etter at denne artikkelen blei publisert har NETT NO snakka med styreleiar Trond-Inge Kvernevik.
Han seier styret vil konsentrere seg om å hjelpe bustyraren og at han ut over det ikkje har nokon ytterlegare kommentarar no.
Les også
Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter inviterer til kapitaltegning på stiftelsesmøte 17. august.
Fiskeriministeren fikk presentert planene om Måløy marine ressurssenter denne uka.
Vekstselskapet i Måløy og Norges miljø- og biovitenskaplege universitet vil samarbeide.
Publisert: 11.10.2022 13:53
Sist oppdatert: 05.11.2022 14:26