Den utflytta sunnmøringen Hans OIav Hide var ein av initiativtakarane til det som skulle bli ei ny suksesshistorie om norske selskap som lukkast i å hauste ressursar frå havet.
Saman med Walter Sognnes og Tore Halvorsen, utgjorde Hide trioen som sto bak Loke Marine Minerals. Selskapet har hatt adresse i oljebyen Stavanger, og kunnskapen dei tre har bygd opp gjennom karrierer i ulike olje- og subseaselskap låg til grunn for satsinga.
Med seg på eigarsida fekk dei mellom andre Kongsberg Gruppen, Wilh. Wilhelmsen-reiarlaget og Norsea Group.
– Det er enormt spennande og samtidig er vi ute på ganske djupt vatn. Ingen har vore der og gjort dette før, sa Hide til NettNo i 2021.
I desember 2023 opna regjeringa for gruvedrift på havbotnen i norske farvatn.
Positivt - og noko Loke Marine Minerals ville vere med på, sa Hide om regjeringa sitt klarsignal.
Konkurs
Draumen til Loke Marine Minerals-grunnleggarane blir ikkje oppfylt, for no er selskapet konkurs, skriv Dagens Næringsliv.
Selskapet gjekk tom for pengar.
Dagleg leiar Walter Sognnes seier til avisa at selskapet har vore på jakt etter kapital lenge. Loke Marine Minerals fekk eit såkalla brulån frå sentrale aksjonærer, men lukkast ikkje med å hente ytterlegare kapital og hadde dermed ikke anna val enn å gå til skifteretten.
Loke Marine Minerals ville bruke eit produksjonsskip som styrte ei knusemaskin på havboten, før matrialet var sugd opp og sortert i fartøyet, og restane v ført ned att på havboten i eit lukka system.
Verdifulle material
Etterspørselen etter ulike material som trengt til det såkalla grøne skiftet er ein av grunnane til at regjeringa opna for gruvedrift på havbotnen.
Ønsket om at Vesten skal bli meir uavhengig av Kina som kjelde for slike mineral, er ei anna årsak.
Industri og reiarlag har sett eit stort potensiale i gruvedrift på havbotnen, medan miljøvern- og fiskeriinteresser er sterkt kritiske.
Les også
Ser store moglegheiter - og meiner Vesten må bli meir uavhengige av Kina og Russland.
Industri og reiarlag ser stort potensial, medan miljøvern- og fiskeriinteresser er sterkt kritiske.
Publisert: 03.04.2025 12:58
Sist oppdatert: 03.04.2025 23:36