Rov steinprøver havbotn innfelt hans olav hide foto Universitetet i Bergen 11
TRUR PÅ NY INDUSTRI: Hans Olav Hide og Loke Marine Minerals er mellom dei som har stor tru på at mineralutvinning frå havbotnen kan bli ein stor vekstindustri for Norge. Foto: Universitetet i Bergen/skjermfoto
Nytt

Gruvedrift på havbotnen: – Vi vil vere med

Ser store moglegheiter - og meiner Vesten må bli meir uavhengige av Kina og Russland.

Marius Rosbach
06.12.2023

Tysdag kom nyheita om at Norge blir mellom dei første landa i verda som opnar for kommersiell gruvedrift.

Den utflytta gjerdsvikaren Hans Olav Hide er styreleiar i Loke Marine Minerals som satsar på å bli ein sentral aktør i det som fleire meiner kan bli eit nytt industrieventyr.

Norge har store førekomstar av ulike mineral på havbotnen og Hide er ikkje i tvil om at det er rett å opne for leiting og seinare utvinning.

– Ut frå det eg har høyrt av forslaget frå regjeringa, er dette veldig positivt og noko som vi vil vere med på, seier Hide til NETT NO.

Regjeringspartia har blitt samde med Høgre og Frp på Stortinget om å ein stegvis opningsprosess for mineralverksemd på havbotnen.

Hide håpar at styresmaktene vil ta ei aktiv rolle framover, saman med dei private aktørane som allereie er i gong.

Meiner Vesten må bli meir uavhengige
– For det første er situasjonen slik, at det er eit stort behov for mineral for å gjennomføre det grøne skiftet. For det andre har du den geopolitiske situasjonen, påpeiker han.

Han meiner det ikkje er berekraftig å basere seg forsyningar frå land som Russland eller Kina i framtida.

– Vesten må klare å komme i ein meir uavhengig posisjon, og her representerer mineral på havbotnen store moglegheiter, legg Hide til.

Stortinget skal godkjenne dei første utviklingsprosjekta, på same måte som er gjort for enkelte utvinningsprosjekt i petroleumssektoren.

Les meir om forslaget frå regjeringa

Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis 11
UTVINNING MED PRODUKSJONSSKIP: Ei skisse viser korleis utvinninga kan skje med eit produksjonsfartøy som ligg i ro ved mineralfeltet. Førekomstane vil truleg kunne sankast direkte frå havbotnen. Illustrasjon Rystad energy

Sterk kritikk frå miljørørsla
Avgjerda om å leggje til rette for at det som kan bli ei ny næring, haustar sterk kritikk frå ei samla miljørørsle.

Allereie då NETT NO snakka med Hide i 2021, var han trygg på at bransjen skulle klare å løyse utfordringane med miljøpåverknader.

Han er ikkje mindre overtydd no.

– Vi har drive omfattande teknologiutvikling dei siste åra for å sikre at mineralutvinning kan skje på ein berekraftig måte, fortel han.

Har trua på «potetplukkarar» for sanking
Ei av dei store utfordringane er å virvle opp minst mogleg av sedimenta på havbotnen.

Til oppgåva har Loke Marine Minerals laga det Hide omtalar som «potetplukkarar», eller «bærplukkarar» som skal sanke mineralane mest mogleg skånsamt.

– Vi meiner at vi klarer å redusere utsleppet med 90 prosent med vår metode å ta opp mineralane på. Den gir mykje mindre forstyrringar på havbotnen og belastning på dei økologiske systema, fortel han.

Teknologiutviklinga til selskapet er basert på erfaringar frå olje- og gassindustrien, og dei har fått med seg tunge investorar som Technipfmc, Wilhelmsen-gruppen og Kongsberg-gruppen på eigarsida.

Har lisensar i Stillehavet
Loke Marine Minerals jobbar også internasjonalt og er involvert i mineralverksemd i Stillehavet.

Her har selskapet overteke to leitelisensar frå den amerikanske forsvarsgiganten Lockheed Martin i havet mellom Hawaii og California.

– Her skal vi gjere ein kombinasjon av miljøkartlegging for å finne ut kva som finst av organisk aktivitet og samtidig har ei ressurskartlegging. Vi planlegg eit nytt tokt i 2026, fortel Hide.

Tilbake fraa pionertokt etter verdifulle mineral
ISLAND OFFSHORE-OPPDRAG: Offshoreskipet Island Valiant frå Ulsteinvik-reiarlaget Island Offshore har tidlegare vore ute på tokt for å å ta kjerneprøver i Norskehavet. Foto: Glyn Lewis

Trur på utvinning kring 2030
Utsiktene til å komme i gong med kommersiell mineralverksemd, ligg fleire år fram i tid. I Stillehavsregionen har kartlegginga allereie gått føre seg i fleire tiår, og arbeidet blir styrt av eit FN-organ.

Hide fortel at bransjen ventar ei avklaring om regelverket innan eit år eller to. Utvinninga her ligg an til å kome i gong kring 2030.

Tidsperspektivet på kva tid den første mineralutvinninga skjer på norsk sokkel er framleis usikkert.

Publisert: 06.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 05.12.2023 23:10

Mer om