Are Pilskog konferanse foto Marius
TEKNOLOGI-SELSKAP: Are Pilskog på scena under it- og teknologikonferansen i Molde tidlegare i år då han fortalde om utviklingsarbeidet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Konkurs for mobilspel-selskap

Gründeren håpar at det ikkje er heilt game over.

Marius Rosbach
03.01.2025

Møre og Romsdal tingrett har fredag opna konkurs i selskapet Blåst Spel i Herøy. 

Selskapet som har jobba med å utvikle det som Nett No omtala som naturen Pokemon, melde sjølv oppbod til tingretten. 

Styreleiar og medeigar Are Pilskog fortel til Nett No at gründerane har kjøpt delar av innhaldet i selskapet med eit mål om å kunne drive vidare om rammene endrar seg.

– Vi har ikkje tenkt til å gi oss heilt, men det er frykteleg kjedeleg, legg han til. 

Folkeforsking forma som eit spel
Mobilspelet er ein app som skal nyttast på mobiltelefonen. 

Pilskog omtala det som ein populærvitskapleg plattform for folkeforsking - forma som eit spel, då han fortalde om ideen under it- og teknologikonferansen i Molde tidlegare i år. 

Klarte ikkje handtere gjelda
Bakgrunnen for konkursen er at inntektene blei for små til å betene eit lån frå Innovasjon Norge, ifølgje Pilskog.

Gjelda i selskapet er ifølgje rettspapira på drygt 4,8 millionar kroner. Lånet til Innovasjon Norge utgjer kring halvparten av beløpet. Det resterande er gjeld til gründerane sjølve, ifølgje han.

Bustyrar for konkursen er Linda Brevik og første skiftesamling er planlagt 17. februar. 

Publisert: 03.01.2025 16:17

Sist oppdatert: 03.01.2025 16:18

Mer om