Are Pilskog foto Marius
FRÅ FILM TIL MOBILSPEL: Are Pilskog har laga filmar som har fått kritikarros og fleire prisar. No utviklar han det han omtalar som verdas viktigste mobilspel. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Henta millionar til «verdas viktigaste mobilspel»

Du kjenner han best som prislønna silde- og paddefilmskapar. No lagar han naturens Pokemon Go.

Marius Rosbach
16.02.2024

Are Pilskog er mest kjent som filmskapar etter å ha laga filmar som «Havets Sølv» og «Kunsten å legge seg paddeflat».

Den første handla om silda si ferd langs kysten og sikra filmselskapet Blåst på Leikanger i Herøy fleire prisar. Den andre tok historia om ein paddekoloni på Sunnmøre verda rundt.

Dei siste åra har filmskaparen teke steget over i ein ny og virtuell verd – men utgangspunktet er det same: Fascinasjonen for naturen.

– Tanken er å lage noko som gjer det kjekt og engasjerande å utforske og lære om naturen. Samtidig som ein kan bidra med data til forsking og forvalting, seier Pilskog til NETT NO.

Plattform for folkeforsking
Han er bedt om å forklare prosjektet han jobbar med. Reint konkret er det snakk om ein app som skal nyttast på mobiltelefonen.

– Verdas viktigaste mobilspel, sa Pilskog då han denne veka presenterte ideen på it- og teknologikonferansen i Molde – og haust spontan applaus frå salen.

Der nytta han også samanlikninga med Pokemon Go. Den er ikkje heilt presis, men gir folk eit bilde på korleis app-en fungerer. Han omtalar det som ein populærvitskapleg plattform for folkeforsking - forma som eit spel.

– Vi ser føre oss å gjere alle til kartleggjarar av naturen. Ved hjelp av kunstig intelligens kan alle bli naturdetektivar og samle på artar, seier Pilskog.

Mellom anna har dei bygd opp ein stor database som gjer det mogleg å sanke og formidle informasjon. Undervegs har han lært at kunstig intelligens ikkje er så dyrt, så lenge ein har folk med kunnskap på temaet.

– Gir arbeidet meining
Engasjementet for naturen skin gjennom. Han er ikkje i tvil om at det hjelper i arbeidet med å utvikle løysinga.

– Det gir arbeidet meining, slår Pilskog fast.

Han driv framleis Blåst Film saman med broren Sturla. I tillegg har han starta Blåst Spel som jobbar med å utvikle mobilapplikasjonen. Større gjennomslagskraft var mellom motiva for at Pilskog bestemte seg for å legge filmen på hylla nokre år.

– Vi meiner moglegheitene er store til å skalere opp og nå ut breitt. Alle har mobil og mange nyttar den dagleg til å spele på. Håpet er at vi både kan gjere en skilnad for naturmangfaldet og auke kunnskapen hos befolkninga, seier han.

Are Pilskog konferanse foto Marius
MOLDE-KONFERANSE: Fullsett sal då kunstig intelligens blei sett på dagsorden under it- og teknologikonferansen i Molde denne veka. Foto: Marius Rosbach

Støtte på kring sju millionar
Ein ting Pilskog har lært undervegs, er at det kostar å utvikle gode applikasjonar. Samtidig har han lært seg eitt og anna om å søke støtte til ny prosjekt opp gjennom åra som filmskapar.

So langt har dei henta støtte på kring sju millionar kroner til utviklingsarbeidet. Pengane kjem frå ein rekke aktørar, som Innovasjon Norge, Miljødirektoratet, fylkeskommunen, bankar og ulike filmstøtteordningar.

– Vi ønsker at det skal vere ein gratis-app, og no jobbar vi med å finne ein forretningsmodell som gjer det mogleg, fortel han.

Lanseringstidspunktet for appen blir truleg før sommaren – men Pilskog påpeiker at dei ikkje har hastverk. Inntil vidare vil han også halde namnet på spelløysinga for seg sjølv.

Må ta med brukarane på råd
Ein stor skilnad mellom å vere filmskapar og spelutviklar, er kven som legg premissane.

– Når eg lagar ein film, kan eg gjere det basert på min val og intensjonar. Men for å utvikle gode applikasjonar, handlar det meir om brukaren sine behov og design som skal fungere, seier Pilskog. Medan filmverda har sine «utstillingsvindauge» via tv og festivalar, er det eit annleis arbeid å nå ut til dei store massane med ein mobilapp.

– I tillegg til ein strategi for å kome på marknaden, må det vere ein plan for drifta og vidareutvikling, for å halde seg relevant, seier Pilskog om skilnaden mellom filmarbeidet og spelutviklinga.

Publisert: 16.02.2024 08:04

Sist oppdatert: 16.02.2024 10:34

Mer om