Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Konkurs for skipsserviceselskap

Gjekk inn med friske pengar i 2021. No er 21 tilsette utan arbeid.

Marius Rosbach
21.07.2023

Skipsserviceselskapet Aqua-Maritime i Vestnes har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Selskapet som hadde 21 tilsette, var i drift til konkurstidspunktet og hadde adresse på Skorgeneset.

Ifølgje rettspapira er det gjeld på nær 13,5 millionar i selskapet, medan det er anslått å vere verdiar for kring 9,6 millionar.

Underskot i fire av fem år
Firmaet som blei starta i 2017 har levert service- og vedlikehaldstenester til eigarar av mindre båtar opp til 80 meter.

Rekneskapane viser at inntektene har svinga mellom 11 millionar i oppstartsåret og 3,2 millionar i 2020.

Økonomien har vore anstrengt og fire av fem år har enda med minustal. Det samla underskotet er på kring 1,5 millionar for desse åra.

Tilførte ny eigenkapital i 2021
Den siste offentlege rekneskapen frå 2021 viser ei omsetning på 9,5 millionar og eit underskot før skatt på 0,95 millionar.

Leiinga skriv i årsrekneskapen for 2021 at dei ikkje er nøgd med drifta, og at det vart tilført 1,2 millionar kroner i eigenkapital det året.

Bustyrar Øyvind H. Meisingset kunne tidleg fredag ikkje opplyse om årsaka til konkursen, men skal i møte med leiinga seinare fredag.

Første skiftesamling for saka er 8. september ved tingretten i Molde.

Publisert: 21.07.2023 10:06

Sist oppdatert: 21.07.2023 10:06

Mer om