Innvik Fjordhotell foto Innvik Fjordhotell
REKORDJULI: Fellesferiemånaden blei rekordgod for Innvik Fjordhotell, men starten og slutten på 2020 gjorde at inntektene fall året under eitt. Foto: Innvik Fjordhotel
Nytt

Korona kutta sesongen i begge endar

Hotellet rakk akkurat å opne dørene etter vinteren i fjor, før koronaepidemien kom og dei måtte stenge igjen.

26.05.2021

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen, som er det fulle namnet til selskapet som driv Innvik Fjordhotell i Stryn, har vinterstengt i januar og februar.

Bortsett frå ein kort periode i mars opna hotellet først ut langt ut på vårparten i fjor, og stengte igjen tidleg i november.

I mellomtida hadde selskapet hatt ein julimånad med rekordbesøk og ein god august. Men koronapandemien kutta sesongen i begge endar og med få utanlandske besøkande i tillegg vart det eit markert fall i driftsinntektene og eit lite underskot i fjor (sjå tabell under).

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter4,15,7

Driftsresultat

-0,20,3
Resultat før skatt-0,20,3

Fjordhotellet har tradisjonelt basert seg på utanlandske bussturistar som bur på hotellet ei natt, før dei dreg vidare og på arrangement tidleg og seint i sesongen.

I fjor sommar var prega av nordmenn og eit mindre antall individuelt reisande frå utlandet. Det var fleire familiar og fleire gjestar som budde to-tre netter på hotellet.

Selskapet har seks misjonsforeiningar som eigarar, med Normisjon region Sogn og Fjordane som den største, med 25,97 prosent av aksjane. Dei fem andre eigarane er alle Normisjon-foreiningar i bygder i Stryn.

Publisert: 26.05.2021 13:01

Sist oppdatert: 09.06.2021 08:02

Mer om